Kapittel 2

Bjørnen og blåbærtjuven

Fra og med 31. august 2018 og frem til 28. september 2018 vil vi hver fredag legge ut et nytt kapittel i en sammenhengende høytlesingshistorie i Leseskogen.

Historien skrives av Lars Mæhle, og du kan lese andre kapittel under.

 

Kapittel 2

Nokon har stole ein vaskebalje full av blåbær frå bjørnen Ursus. Han meiner tjuven anten må vere 1) elgkua Alces, 2) eit menneske eller 3) reven Vulpes. Men kven av dei er det? Og korleis kan han finne det ut?

 

 

Da fekk bjørnen Ursus ein idé. Ein gong hadde han nemleg fått ein koffert full av detektivutstyr til jul. Han sprang ned i kjellaren og henta den. Etterpå sette han detektivkofferten på stuebordet med eit smell.

Ursus lirka ei klo inn i låsen.

Klikk!

Kofferten var open!

Du gjettar aldri kva for stilige detektivting som låg nedi han! Å nei, da. Men i alle fall, det var:

 

  • Detektivhatt
  • Detektivfrakk
  • Forstørringsglas
  • Pulver til å avsløre fingeravtrykk (verkar først etter ein time)
  • Pulver til å avsløre fotavtrykk (verkar også først etter ein time)
  • Tåfislukt-alarm-apparat
  • Mini-drone til å spionere med
  • Hjarteballongar
  • Papirlappar og usynleg blekk (til å smugle hemmelege beskjedar med, ved hjelp av hjarteballongar)
  • Boka: Korleis lage fellar for blåbærtjuvar – 1232 lure tjuvtriks

 

Perfekt! smilte bjørnen Ursus. No hadde han alt det ein detektiv trong. Men kva skulle ein detektiv begynne med, eigentleg?

Ursus pønska og grubla og lura.

YES!

No visste han det! Han skulle spionere på den han mistenkte ALLER mest, nemleg …

Elgkua Alces!

Ja, for når han tenkte seg om, var det opplagt: Elgkua Alces var den nærmaste naboen. Ho likte nok bær. Men ho hadde så lange, stive føter og klover. Så det var vanskeleg for henne å plukke blåbær sjølv. Da var det sikkert freistande å stele blåbær, ja.

Ursus tok på seg detektivhatten- og frakken. Deretter kasta han eit blikk mot seg sjølv i spegelen. Han gliste. Snakk om stilig bjørnedetektiv!

Deretter tok han detektivkofferten i den eine handa – og forstørringsglaset i den andre – og gjekk ut.

Ursus hadde nemleg ein plan!

 

Først smatt han innom boden. Fanst det spor etter tjuven her, tru? Fingeravtrykk på døra eller arbeidsbenken? Eller fotavtrykk på golvet?

Ursus kikka høgt og lågt med forstørringsglaset. Men det var umogleg å finne nokon spor. Ursus dryssa da finger- og fotavtrykk-pulver over heile boden. Det tok altså ein time før pulveret verka.

Men da skulle han sanneleg komme innom og sjekke.

I mellomtida lista Ursus seg inn i skogen. Han heldt forstørringsglaset framfor auget heile tida. Alle ting blei gigantisk svære og merkelege: tre, busker, mose, lyng, hus …

Ursus sakka farten. Jammen var han ikkje framme ved huset til elgkua Alces allereie. Lydlaust sneik han seg inn bak eit furutre. Her stod han musestille ei lang stund. Til slutt lente han seg sakte fram, og retta forstørringsglaset mot huset.

Var det ikkje nokon der inne, da?

Jo. Elgkua Alces styra på med noko inne på kjøkkenet. Men kva gjorde ho?

Ursus lista seg fram på tåspissane, veldig forsiktig. Da han var framme ved huset, dukka han kjapt inn under kjøkkenvindauget. Så reiste han seg opp. Sakte, sakte. Og kikka inn vindauget med forstørringsglaset.

Han stivna.

For elgkua Alces løfta no ein stor ting opp på kjøkkenbenken. Kva var det? Det var uråd å sjå. Tingen var liksom så gigantisk og utydeleg i forstørringsglaset. Ursus visste berre éin ting: Det likna mistenkeleg på ein vaskebalje!

Ursus gjekk til aksjon tvert! Han sprang rundt hushjørnet, sprengte døra så treflis skvatt til alle kantar, storma inn på kjøkkenet til elgkua og brølte:

– Tok deg på fersken, din sleipe blåbærtjuv!

Men …

Ursus tok vekk forstørringsglaset frå auget. Først no såg han kva elgkua Alces verkeleg hadde løfta opp på kjøkkenbenken. Det var ikkje ein vaskebalje med blåbær.

Det var …

… ein kasserolle med bringebær.

– Kva i alle dagar? sa Ursus spakt. – Er du ikkje blåbærtjuven likevel?

Elgkua Alces stira morskt mot Ursus.

– Du er ikkje lite frekk! sa ho. – Først øydelegg du døra til huset mitt. Så skuldar du meg for å vere ein tjuv! Dette er bringebær eg har plukka sjølv! No skal eg koke syltetøy. Kva seier du da?

Ursus kikka ned i golvet.

– Unnskyld, kviskra han. – Eg skal reparere døra seinare.

– Nå vel, sa elgkua Alces. – Men nokon har altså stole blåbæra di?

Ursus nikka raskt.

– Ja! Ein heil vaskebalje full av blåbær!

– Kven trur du tjuven er? spurte Alces.

Ursus fekta med hendene.

– Eit stort dyr! Eller reven Vulpes, sjølvsagt. Men …

Han tenkte seg litt om og fullførde:

– … du vil ikkje vere detektiv saman med meg, da?

Elgkua Alces drog på det.

– Kanskje … viss eg får låne detektivhatten din.

– OK, da, sa Ursus og sette hatten oppå hovudet til Alces. – Men kven trur du er tjuven?

Alces fiksa litt på sveisen under hatten og såg viktig ut framfor seg:

– Høm-høm. Eit stort dyr, seier du? Kanskje ein dinosaur?

Ursus sukka.

– Det er ikkje ein dinosaur, skjønar du vel. Det er 60 millionar år sidan dinosaurane levde på jorda.

Elgkua tenkte så det knaka under detektivhatten.

– Høm-høm-høm. Kanskje ein vaskebjørn?

– Hæ?

– Sidan det var ein vaskebalje med blåbær som blei stole? Kanskje vaskebjørnen berre ville vaske, og eigentleg ikkje var ute etter blåbæra?

Ursus stønna høgt.

– Det er den dårlegaste detektiv-ideen eg har høyrt! Nokon gong!

– Høm-høm-høm, heldt elgkua Alces på. – Kanskje ein zombie, da?

Ursus grøssa.

– Ein zombie? Huff, nei det håpar eg ikkje. Men eg har tenkt på at det kan vere eit menneske. Eit levande eit, altså.

– Nemleg, ja, nikka elgkua Alces. – Men …

Ho rakk ikkje å seie meir. For akkurat da høyrte dei ein merkeleg lyd utanfor. Det var ein slags rullelyd. Ja, noko kom rullande bortover vegen mot huset.

Men kva var det?

Ursus og Alces kikka mot kvarandre. Så lista dei seg musestille bort til ytterdøra. Alces retta bitte litt på detektivhatten, mens Ursus sette forstørringsglaset framfor høgreauget.

– Men i alle dagar! braut dei ut i kor. – Det er da faktisk …

Ja, kva trur du dei fekk sjå? Som lagde ein slik rar rullelyd? Og som Ursus og Alces blei så overraska over? Og kven trur du tjuven er no? Og korleis skal Ursus klare å fange han?

 

Les mer om Lars Mæhle her

se tegninger her