Kapittel 3

Bjørnen og blåbærtjuven

Fra og med 31. august 2018 og frem til 28. september 2018 vil vi hver fredag legge ut et nytt kapittel i en sammenhengende høytlesingshistorie i Leseskogen.

Historien skrives av Lars Mæhle, og du kan lese tredje kapittel under.

Kapittel 3

 

Nokon har stole ein vaskebalje full av blåbær frå bjørnen Ursus. Han meiner tjuven anten må vere 1) elgkua Alces, 2) eit menneske eller 3) reven Vulpes. Men korleis skal han finne ut kven tjuven er?

 I førre kapittel strødde Ursus fotavtrykkpulver i boden, der vaskebaljen blei stole. Men pulveret verkar først etter ein time. Etterpå spionerte han på elgkua Alces. Men ho var truleg ikkje tjuven likevel. Derimot viste ho seg å vere ein brukbar detektiv. Det siste som skjedde, var at dei høyrte ein mystisk rullelyd utanfor hytta til elgkua. Kva eller kven kunne det vere?

 

Bjørnen Ursus og elgkua Alces klarte ikkje slutte å stire. For den som lagde den merkelege rullelyden, var jo faktisk …

… ei lita jente på sparkesykkel!

No kom ho trillande heilt fram mot trappa til hytta. Jenta kikka forsiktig opp mot dei og kremta:

– De har vel ikkje sett ein familie her omkring?

Ursus tykte jenta var veldig søt. Ho hadde langt, raudt hår og masse frekner. Han klarte liksom ikkje å slutte å sjå på henne. Men til slutt fekk han summa seg til å svare:

– Du meiner ein menneske-familie?

– Akkurat det meiner eg, ja, sa jenta. – Vi er på blåbærtur. Men …

Ho skrapa litt med foten i bakken, før ho heldt fram:

– … eg synest det er litt kjedeleg å plukke blåbær. Så eg sparkesykla meg ein liten tur. Men plutseleg hadde eg sparkesykla meg vill i skogen. Og eg kunne ikkje finne familien min nokon stad.

Jenta sette i å gråte. Ursus visste ikkje kva han skulle gjere. Han blei ståande og virre med forstørringsglaset i handa. Men elgkua Alces bøygde seg ned og strauk mulen mot kinnet til jenta.

– Ikkje ver redd. Vi skal hjelpe deg.

Jenta nikka trist. Så myste ho opp mot elgkua.

– Men kvifor har du på deg detektivhatt, eigentleg?

Så snudde ho seg like forundra mot Ursus.

– Og kvifor har du detektivfrakk, forstørringsglas og detektivkoffert?

Ursus bretta opp frakkekragen.

– Vi er detektivar naturlegvis! Ein frekk tjuv har stole blåbær frå meg. Ein heil vaskebalje med blåbær!

Ein mistanke datt no ned i hovudet til Ursus. Han stira morskt mot jenta.

– Det er ikkje deg, vel? Eller familien din? De skulle jo på blåbærtur og alt!

Jenta rista på hovudet.

– Trur ikkje det. Eller eg anar ingenting. Familien min er borte vekk.

Ho græt ein skvett igjen.

– Stakkars deg, sa elgkua Alces. – Du er kanskje svolten òg?

Jenta kikka betutta ned i bakken og nikka.

– Men bli med inn, da! Eg har ein heil kasserolle full av bringebær på kjøkenet.

Så gjekk dei inn i elghytta.

 

Men da dei kom inn på kjøkenet, sette elgkua Alces i eit kjempehyl.

– ÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆ!!!

Både jenta og Ursus skvatt skikkeleg.

– Kva er det, Alces? spurte Ursus.

– Ser du ikkje! Kasserollen med bringebær er borte!

Og jammen var den ikkje det. Ursus og Alces kikka mot kvarandre:

– Tjuven! braut dei ut i kor.

Alces klødde seg i hovudet under detektivhatten.

– Men vi var jo berre ute i … to minutt, kanskje?

– Tjuven må ha lege på lur, sa jenta. – Og slått til når sjansen baud seg.

Ursus snudde seg overraska mot jenta.

– Er du òg detektiv?

– Nja. Eg liker å løyse gåter i alle fall.

– Men kanskje du kan hjelpe oss?

Jenta drog litt på det.

– OK, men da må eg få forstørringsglaset ditt.

– Ja vel, da, sa Ursus og leverte forstørringsglaset motvillig til jenta.

Heldt det fram på denne måten, hadde han snart ikkje fleire detektivting igjen.

– Men no kan du vel gjette på kven tjuven er? sa Ursus.

Jenta blei ståande og gruble litt.

– Har de nokon mistenkte?

Ursus slo ut med dei svære bjørnearmane.

– Jo visst. Det må vere eit stort dyr, sidan det klarte å bære ein heil vaskebalje med blåbær.

– Og ein heil kasserolle med bringebær! la elgkua Alces til.

Jenta tenkte så det knaka.

– Høm-høm. Kanskje det var eit piggsvin?

– Eit piggsvin? sa Ursus skeptisk.

– Det kan ha festa bæra på piggane sine – og trilla av gårde med dei?

– Trur ikkje det, nei, sa Ursus. – Det er sikkert titusen blåbær i ein vaskebalje.

Jenta klødde seg på haka og høm-høm-høma litt meir. Så lyste ho opp:

– No har eg det! Det var naturlegvis maur!

Maur? sa Ursus. – Dei er jo minismå!

– Men dei er mange, sa jenta. – Så viss dei tok eit blåbær og bringebær kvar – og sprang i flokk heim til maurtuva?

Ursus sukka.

– Dei ville aldri klart å løfte ein heil vaskebalje.

– Eller ein kasserolle, minte Alces dei om.

– Høm-høm-hømmelihøm, grubla og pønska jenta. – Kanskje tjuven var ei kråkebolle?

– Ei kråkebolle? stønna Ursus. – Det er kanskje det aller dårlegaste forslaget så langt i dag!

– Men det rimar på kasserolle, sa jenta.

– Nei, no gir eg opp, sa Ursus. – Vi kjem aldri til å fange den frekke blåbærtjuven …

– … og bringebærtjuven, sa Alces.

Men da fekk jenta brått ein idé.

– Vent! Kanskje tjuven sette frå seg fotspor på golvet her?

Ho bøygde seg ned og begynte å sjekke med forstørringsglaset. Etter ei stund rista ho på hovudet og sa:

– Nei, sorry. Ikkje så mykje som eit flugespor.

Da klikka liksom noko på plass i hovudet til Ursus. Noko med fotspor og forstørringsglas og …

– Men dærsken! braut han ut. – Eg dryssa jo fotavtrykkpulver i boden heime! På staden der blåbærtjuven stal vaskebaljen. Det skulle ta ein time før det verka. Og no har det gått …

Ursus kikka mot klokka.

– Akkurat ein time!

 

Dei spurta gjennom skogen på rekke og rad. Aller sist kom jenta på sparkesykkel.

Kort tid etter var dei framme ved huset til Ursus. Bjørnen sprang bort til boden – og røska opp døra.

Deretter rygga Ursus bakover mens han gispa etter luft. Elgkua Alces og jenta kasta da òg eit blikk inn i boden. Og det dei såg var dette:

Massevis av sjølvlysande fotspor! Dei lyste opp i boden. Overalt.

– Det er mest bjørnespor, sa Alces.

– Ja, eg har jo vore her inne sjølv, sa Ursus.

– Men sjå der! sa jenta og peikte. – Der borte! Der er det nokre andre – og litt mindre –dyrespor.

Dei lista seg forsiktig over golvet. Og ganske riktig: Rett under arbeidsbenken, der vaskebaljen med blåbær hadde stått, var det ein drøss med dyrespor. Av ein annan type enn dei svære bjørnespora.

– Men kva slags spor er det eigentleg? spurte jenta.

Auga til Ursus blei smale og sinte.

– Å, eg veit godt kva for slags spor det er, sa han. – Det er …

Men akkurat da fekk Ursus eit rusk i halsen, og begynte å hoste. Slik at det han skulle til å seie ikkje kom med i dette kapittelet. Men måtte vente til det neste.

Men kva slags spor trur du det var? Kven var blåbærtjuven? (Og kven var bringebærtjuven? ber elgkua Alces meg minne deg om.)

 

Les mer om Lars Mæhle her

Se tegninger her