Kapittel 4

Bjørnen og blåbærtjuven

Fra og med 31. august 2018 og frem til 28. september 2018 vil vi hver fredag legge ut et nytt kapittel i en sammenhengende høytlesingshistorie i Leseskogen.

Historien skrives av Lars Mæhle, og du kan lese fjerde kapittel under.

Kapittel 4

 

Nokon har stole ein vaskebalje full av blåbær frå bjørnen Ursus.

No har Ursus funne ut at elgkua Alces og jenta på sparkesykkel truleg ikkje var tjuven. Tvert imot viser dei seg å vere ganske gode detektivar. Men kven kan tjuven vere?

Mens Ursus, Alces og jenta pratar og ikkje følger med, slår tjuven til igjen – og rappar ei kasserolle med bringebær frå Alces.

I slutten av førre kapittel sjekka dei fotavtrykkpulveret Ursus strødde i boden, der tjuven hadde stole blåbæra. Og … det ER fotspor der. Masse fotspor. Men kven eller kva har sett frå seg desse spora?

Følg med! I nest siste episode av Bjørnen og blåbærtjuven!

 

 

Ursus blei ståande og hoste ei lang stund. Men endeleg fekk han spytta rusket ut frå halsen.

Tvi!

Jenta stira mot fotspora med forstørringsglaset.

– Kva slags spor er det? spurte ho.

Auga til Ursus blei morske.

– Å, eg veit godt kva for slags spor det er. Det er …

Han retta seg i ryggen der i detektivfrakken.

– … REVESPOR!

Jenta nikka alvorleg.

– Så reven Vulpes er blåbærtjuven?

– … og bringebærtjuven! minte elgkua Alces dei om.

Bjørnen Ursus pusta berre tungt og sint til svar.

– Men kva skal vi gjere? spurde jenta. – No som vi veit kven tjuven er?

– Vi bankar han gul og blå! ropte Ursus og fekta med bjørnelabbane.

– Og raud! ropte elgkua Alces og retta på detektivhatten.

Jenta stira strengt mot dei to dyrevennene.

– Nei, det er ikkje snilt! Da er de jo ikkje betre enn tjuven sjølv!

Bjørnen Ursus tenkte på det jenta sa. Hm. Ho hadde kanskje litt rett i det, ja.

– Men kva skal vi gjere, da? sa han.

Jenta klødde seg i hovudet. Så fekk ho ein idé.

– Kan eg få ta ein kikk i detektivkofferten din, Ursus?

Ursus nølte. Eigentleg hadde han ikkje lyst til å gi frå seg enda ein detektivting. Men til slutt sukka han høgt:

– Åkei, da!

Og jenta opna kofferten. Hugsar du kva som var oppi han? Dei tinga som dei framleis ikkje hadde brukt i forteljinga?

Jo, det var:

  • Tåfislukt-alarm-apparat
  • Mini-drone til å spionere med
  • Hjarteballongar
  • Papirlappar og usynleg blekk (til å smugle hemmelege beskjedar med, ved hjelp av hjarteballongar)
  • Boka: Korleis lage fellar for blåbærtjuvar – 1232 lure tjuvtriks

 

– Høm-høm-høm, sa jenta. – Kva kan vi bruke her, tru?

– Eg har det! ropte Ursus. – Reven luktar sikkert skikkeleg tåfis! Så vi brukar tåfislukt-alarm-apparatet for å finne ut kvar han er!

– Seriøst? sa jenta.

– Dobbelt-seriøst? sa elgkua Alces. – Vi veit jo kvar reven Vulpes bur frå før.

– Gjer de? sa jenta. – Kvar da?

– Han bur litt borti her i ei diger fururot, mumla Ursus flau.

Jenta kikka lurt mot dei.

– Da har eg ein plan!

– Har du? sa Ursus. – Kva da?

Jenta smilte fornøgd.

– Jo. Først legg vi oss i skjul eit stykke unna fururota. Deretter sender vi ut mini-dronen for å spionere på reven. Da kan vi jo òg finne ut om reven verkeleg er tjuven. Og så … ja, kanskje det er ei bok i kofferten vi kan lese?

Ursus lyste opp:

– JA! Korleis lage fellar for blåbærtjuvar – 1232 lure tjuvtriks!

– Men kva med bringebærtjuvar? lurte Alces på.

– Eg vil tru at blåbær-tjuvtriksa vil virke på bringebærtjuvar òg! sa jenta. – Come on, let’s go!

 

Så la dei ut på vandring gjennom skogen. Ursus gjekk først, Alces nummer to – og jenta heilt sist på sparkesykkel.

Ursus visste godt vegen til fururota der reven Vulpes budde. Og han heldt stor fart, svinsa rundt ein trestamme her, jumpa over eit bekkefar der, opp bakkar, ned bakkar, over sletter, rundt svingar. Men han var framleis grueleg sint! Han trampa så hardt i bakken at hoggormane skvatt omkring.

– Du må slappe av litt, Ursus! ropte jenta fram til han. – Reven kjem til å høyre deg på lang veg.

Etter det trippa både Ursus og Alces veldig forsiktig på tåspissane framover. Jenta sparkesykla òg kjempestille.

Plutseleg stansa Ursus. Han glei ned bak nokre busker og peikte. Alces og jenta myste over buskene i den retninga.

Nemleg.

Litt lenger framme låg det ei diger, raudmåla fururot. Huset til reven Vulpes.

Bjørnen Ursus opna detektivkofferten. Musestille. Det var så vidt han torde å puste. Så løfta han opp mini-dronen frå detektivkofferten. Og fjernkontrollen med miniskjerm som følgde med. Men Ursus stansa i rørsla. Han kikka usikkert mot Alces og jenta.

– Har nokon av dykk floge med mini-drone før, eigentleg? kviskra han.

– Gi han til meg, kviskra elgkua Alces tilbake. – Eg blei faktisk kretsmeister i mini-drone-flyging da eg var liten.

Elgkua snappa fjernkontrollen ut av hendene til Ursus.

– Høm-høm-høm, sa ho og undersøkte fjernkontrollen. – Er det batteri i denne greia da, tru?

Alces trykte på ein knapp. Og mini-dronen suste rett opp i lufta!

– Oi! braut elgkua ut. – Det var det visst, ja. No skal vi sjå her.

Alces begynte å styre mini-dronen sakte opp, opp, opp – og så roleg over mot fururota. Imens kikka dei tre vennene spente mot skjermen. Dronen sneik seg rundt rota. Men det var vanskeleg å finne ein stad, der dei kunne spionere inn i huset til reven.

Men så. Plutseleg. Da dronen var ved kjøkkenvindauget, fekk dei auge på noko.

– Sjå! braut Ursus ut. – Ein vaskebalje full av blåbær! Der på kjøkkenbenken!

– Dærsken! hylte Alces. – Ei kasserolle full av bringebær! Der ved sidan av vaskebaljen!

Jenta hysja strengt på dei.

– Reven kan høyre oss.

Alces styrte dronen veldig forsiktig tilbake til skjulestaden deira.

– Da veit vi at reven faktisk ER tjuven, kviskra jenta. – No må vi finne ei passeleg felle til reven!

Ho drog fram boka Korleis lage fellar for blåbærtjuvar – 1232 lure tjuvtriks frå detektivkofferten, og skulle setje seg ned og lese.

 

Men akkurat da sa det svosj og svisj! Og ÆÆÆÆÆ! Og HJEEEEEEEEEEELP!!!! Og HERRE MIN HAAAAATT!

Og før dei fekk sukk for seg var DEI fanga i eit nett. Høgt oppe i lufta. Dei dingla fram og tilbake mens dei hylte og skreik.

Reven Vulpes kom no slentrande fram frå skjulestaden sin. Han lo ein stille, mørk latter.

– He-he-he-he. Jammen gjekk de ikkje rett i fella. For nokre teite dyr.

– Eg er ikkje eit dyr, eg er eit menneske! ropte jenta.

Reven lo da enda høgare og vondare.

– Same det. Det einaste som er sikkert, er at no blir de hengande der! Til neste kapittel! Minst!

– Berre vent! ropte Ursus og hytta med bjørnelabbane. – Vi er nemleg detektivar!

Reven lente seg bakover og lo så høgt at han fekk vondt i magen.

– De tre må vere dei mest stinke-elendige detektivane eg har møtt! Nokon gong! Og de veit vel kva eg skal gjere no?

Dei tre oppe i nettet kikka forvirra mot kvarandre.

– Nei? sa Ursus til slutt.

– Eg skal ete opp all blåbæra, vel! lo reven.

– Og bringebæra! minte Alces han på.

– OG bringebæra, ja, lo reven. – Det skal sanneleg min hatt bli eit herremåltid!

Reven svinsa med den kvite haletippen ein siste gong.

– Far vel! Og ha det fint der oppi revefella!

Reven Vulpes rusla mot fururota mens han lo og knipsa og slo hælane saman.

Ursus kikka fortvila mot Alces og jenta.

– No er gode råd dyre! Vi er fanga i eit nett, og reven skal ete opp all bæra vår. Kva i alle dagar skal vi gjere?

 

Ja, nemleg. Kva trur du dei må gjere no? Korleis i himmelens namn skal Ursus, Alces og jenta komme seg ut av denne knipa? Det er nesten umogleg, vel? Får dei nokon gong fakka den frekke, superlure reven? Eller slepper tjuven faktisk unna i denne forteljinga? Og kvar er eigentleg familien til jenta? Dei er jo òg forsvunne.

Kort sagt: Kva vil skje i neste – og siste kapittel – av Bjørnen og blåbærtjuven?

Les mer om Lars Mæhle her

Se tegninger her