Erinaceus

Hei! Eg heiter Erinaceus, og eg er eit piggsvin. Eg likar å lese fablar, segner, mytar og legender.

Hjemme hos Erinaceus

Eg heiter Erinaceus, og eg er eit piggsvin.
Vi piggsvin kan verke skumle – vi har jo 6000 piggar på kroppen! Piggane er ganske kraftige og dei kan faktisk bli opptil 25 cm lange. Men alle her i Leseskogen er jo så hyggelege så dei treng ikkje å vere redde. Eg skader ikkje vennene mine.
Eg var veldig spent på å flytte inn i Leseskogen. Spesielt sidan eg er eit nattdyr, noko som inneber at eg liker å sove heile dagen. Men eg har funne ut at om eg søv litt lenge på morgonen, så kan eg vere saman med dei andre på ettermiddagen før dei legg seg. På den måten kan eg rusle rundt i skogen på kvelden. Det liker eg veldig godt.
Eg er veldig glad i mat, og er altetande. Eg liker til dømes insekt og planter, men favorittane er kanskje meitemark og sniglar. Det er godt, det.
Piggsvin går i hi om vinteren, vi søv faktisk frå oktober til april, og vi er kjente for å snorke. Men eg, eg vil heller vere saman med vennene mine, så i år skal eg prøve å helde meg våken. Trur de eg klarar det? Eg gruer meg litt til kulda.
Piggsvin er ei trua art. Det vil seie at det blir færre og færre av oss og at det er ulovleg for menneskjer å drepe oss. Det er eg glad for, men sidan eg bur i Leseskogen, føler eg meg uansett heilt trygg.
Eg gler meg til å dele boktips med dykk og til å bli kjent med alle dei andre her i skogen. Dei verkar så hyggelege.