Gulo

Hei, eg heiter Gulo og er ein jerv. Eg likar å lese bøker med spenning, grøss og mysterium.

Hjemme hos Gulo

Jerven Gulo er veldig familiekjær med mange bilete av familien sin på veggane. Han likar mønstre og er ikkje så veldig opptatt av at alt skal vere ryddig omkring han.

Gulo er derimot veldig observant. Han er så oppmerksam på forandringar i skogen at dei andre dyra ikkje kan gjere noko utan at Gulo merkar det. Det kan vere litt irriterande, men alle dyra synast godt om han likevel.

Gulo er veldig glad i alt som er skummelt og samlar ofte dei andre dyra ved hiet sitt for å fortelja grøssarhistorier. Nokon gonger finn han opp eit mysterium som dei andre dyra i skogen skal løyse. Gulo likar å lese bøker med spenning, grøss og mysterium.