Lynx

Hei, eg heiter Lynx og er ei gaupe. Eg er glad i å lese teikneseriar og bøker med fine bilete.

Hjemme hos Lynx

Gaupa Lynx er moderne, nesten litt overbegeistra for alt som er nytt. Ho er glad i sterke fargar og har tapetsert veggane sine med favorittdyret sitt: ugler.

Lynx er veldig glad i mat, og ikkje kresen på kva det er. No som ho bur i Leseskogen har ho gått med på å ikkje eta dei andre dyra som bur der, men det er anledningar kor ho synest dette er veldig vanskeleg.

Lynx er ein romantikar som elskar drama. Ho er glad i å lesa teikneseriar og bøker med fine bilete i. Ho likar særleg bøker på nynorsk, sidan det er skriftspråket ho brukar.