Nynorsk

Mørkt

Lagt inn av Sigrun Feiring

Dag er redd for å bli borte i mørkeret, han held seg vaken så lenge han kan. Men denne kvelden byrjar mørkeret å bråke. Det kjem nærare og nærare, og brått er Dag midt inne i ein bekmørk tornado. I mørkeret møter han Natalia, og motet.

Les mer og kommenter

Vaken?

Lagt inn av Sigrun Feiring

Vaken? er ei fagbok om nattaktive dyr. I kvart kapittel er det ei lita forteljing om kvar ein kan finne dei enkelte dyra. Kvifor er desse dyra vakne når vi andre søv? Får dei ikkje sove? Eller kan dei vere vakne samtidig som dei søv?

Les mer og kommenter

Pling vaken

Lagt inn av Sigrun Feiring

Morosam bildebok om leggjetid! Klara får ikkje sove. Ho gjer alt ho kan for å få det til, som å drikke litt ekstra vatn, ta ein ekstra tur på do og prøve å få mamma til å syngje endå ein nattasong. Men same kva Klara gjer, er ho like pling vaken. Og det blir ikkje […]

Les mer og kommenter

Den raude hansken

Lagt inn av Sigrun Feiring

Lettlesbok om å lære å ri! Stig vil bli like flink til å ri som Ellen. Men då må han øve, og det er ikkje så lett å øve på mamma sin store hest! Aller helst skulle Stig hatt ein ponni, akkurat slik som Ellen har. Ein dag mistar Stig hansken sin. Ellen finn han, […]

Les mer og kommenter

Randi bur i koffert

Lagt inn av Sigrun Feiring

Kan ein bu i koffert? Har du høyrt om nokon som bur i koffert? Då Randi høyrer at tante bur i koffert, får ho også lyst til å prøve. Det blir ikkje heilt som ho hadde tenkt seg… Randi bur i koffert er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette […]

Les mer og kommenter

Raketten

Lagt inn av Sigrun Feiring

Vennskap og fantasi Parva er ei jente med mykje fantasi. På skulen vil ho bli venn med Bea, den tøffe jenta i klassen. Men Bea bryr seg ikkje om Parva. Det vil Parva endre på, og ho bestemmer seg for å byggje ein imponerande rakett. Men då ho kjem på skulen i raketten sin, ler […]

Les mer og kommenter

Heksa Galla

Lagt inn av Sigrun Feiring

Skumle barn og livredd heks! Heksa Galla er livredd barn. Særleg dei som luskar rett utanfor huset. Når Galla ser barn, blir ho så redd at magien ikkje fungerer. Ho får ikkje til å trylle dei vekk! Galla må få dei nysgjerrige ungane til å forsvinne, og legg ein plan for å bli kvitt dei […]

Les mer og kommenter

Rideturen

Lagt inn av Sigrun Feiring

Dramatisk ridetur i skogen! Endeleg har Stig ein hest han kan ri. Sjølv om han berre låner ponnien Bim, er det som om Bim er berre Stig sin. Ein dag vil Ellen galoppere med ponniane i skogen. Då ramlar Stig av! Det går bra med Stig, men Bim haltar. Tenk om Stig ikkje får ri […]

Les mer og kommenter

Kvar er Lurven?

Lagt inn av Sigrun Feiring

Forsvunnen hund! Hunden Lurven er Tores aller beste venn. Ein dag då Tore kjem heim frå teater, er Lurven sporlaust forsvunnen! Tore leitar saman med mamma og pappa, men når natta kjem, er Lurven framleis borte. Kvar kan Lurven vere? Leseland. Nivå 3.

Les mer og kommenter

Papelina

Lagt inn av Troels

Ei annleis forteljing om flukt. Papelina og familien må reise frå heimen sin. Papa Gøye seier det er eit topphemmeleg eventyr! Det einaste Papelina får vite, er at dei skal til eit nydeleg fugleslott. Men reisa blir lang og slitsam. Og kvifor kan ikkje Papa Gøye slutte å tulle og fjase? Papelina er ei historie […]

Les mer og kommenter