Nynorsk

I bikuben

Lagt inn av Troels

Forfattar og fotograf har studert biene på nært hald over lengre tid, og her fortel dei i tekst og bilete korleis biene arbeider for å framstilla den herlege honningen. Denne boka inneheld heilt sikkert mykje som du ikkje visste frå før!

Les mer og kommenter

Den pysete katten

Lagt inn av Kjølsdalen montessoriskule sa

Boka handlar om katten Steinar som er redd for det meste. Dei andre kattane synst at han er pysete så dei kallar han Pysekatt. Men ein dag skjer det noko som gjer at han aldri meir vert kalla for Pysekatt. Boka er på nynorsk og er ei bok i Leselandserien. Den er lett å lese […]

Les mer og kommenter

Nei! sa Veslemonster

Lagt inn av Gursken oppvekstsenter

Boka handlar om Veslemonster som ikkje torer å seie NEI når Storemonster vil øydelegge eller terge dei små Tussane. Men Veslemonster blir modig til slutt! Vi lærer at det er fint når dei blir venner og kan snakke fint til kvarandre.

Les mer og kommenter

Liten-på-jord-Tor

Lagt inn av Gursken oppvekstsenter

Dette er ei morosam bok om Tor som er liten (99 cm) og dei vaksne som er mykje lenger enn han. Mor hans får tak i kjeksboksen utan å bruke stol! Men det kan vere spennande å vere liten, for Tor lurer seg under bordet når mamma har besøk. Der kan han finne ut noko […]

Les mer og kommenter

Bo flyttar ut

Lagt inn av Troels

Sprelsk bildebok om å føle seg oversett! Katten Bo hadde det som plomma i egget før hunden flytta inn og tok plassen hans i senga til matmor. Då er det berre éin ting å gjere, nemleg å sjå om det finst husrom ein annan plass. Denne bildeboka er ei vittig, fargesterk og treffande bok om […]

Les mer og kommenter

Jenta i Blindgata

Lagt inn av Troels | 1 i leselisten

Kven er eigentleg Inga? Inga er ny i klassen. Tea og Teodor synest det er kjekt å komme på besøk til Inga. For ho bur heilt åleine. Dei kan gjere det dei vil! Men då dei leikar gøymsel, ser Teodor noko i spegelen, noko som gjer han livredd.

Les mer og kommenter

Krabbekrise

Lagt inn av Troels | 1 i leselisten

Besta og Bo vil vinne konkurransen om å fiske flest krabbar. Men krabbane bit ikkje på. Så gjer Besta noko heilt vilt. I typisk Besta-stil. Krabbekrise er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske […]

Les mer og kommenter

Unni og Gunni reiser

Lagt inn av Troels

Unni og Gunni er to gode venner som likar forandring. Dei er ikkje redde for å setje i gang med nye prosjekt, og finn alltid ei løysing på utfordringane dei møter under vegs. Men ein treng litt utstyr for å reise. Og korleis veit ein kor ein skal? Unni og Gunni finn fram kart og […]

Les mer og kommenter