Kapittel 1

Bjørnen og blåbærtjuven

 

Fra og med 31. august 2018 og frem til 28. september 2018 vil vi hver fredag legge ut et nytt kapittel i en sammenhengende høytlesingshistorie i Leseskogen.

Historien skrives av Lars Mæhle, og første kapittel kan leses under.

 

Kapittel 1: DEN STORE DAGEN

 

Bjørnen Ursus vakna tidleg denne morgonen. Først hugsa han ikkje kva for dag det var. Men da han kom på det, spratt han opp frå senga.

– Hurra! Det er den store dagen!

Ursus kledde på seg i ein fart, og storma ut på stua. Det kribla og kilte i kroppen. Så spent var han.

Han hadde sett fram til den store dagen i … ja, i alle fall femten dagar. Kanskje til og med tjue. Ursus var ikkje så god til å telje.

Kva han hadde gjort alle desse dagane?

Plukka blåbær, så klart!

Han hadde vore ute i skogen tidleg og seint. Han hadde plukka og plukka. Eitt og eitt bær mellom klørne. Det hadde tatt skikkeleg lang tid. Men han klarte å fylle eit spann med bær kvar dag. Og når han kom heim, helte han det over i ein diger vaskebalje ute i boden.

No var baljen full – og den store dagen var her! Dagen da han skulle ete all blåbæra på éin gong.

 

Alt var klart. Ursus hadde lagt papir på golv og veggar i stua. Han hadde rydda bort alle ting. Han hadde dekt på bordet.

Ursus gneid seg i hendene. Som han gledde seg!

No skulle han berre hente vaskebaljen i boden.

Ursus knipsa og plystra da han gjekk ut ytterdøra. Ute på tunet slo han ein liten salto, før han trippa lett mot boden. Han var i kjempehumør!

Men plutseleg stivna han. Døra inn til boden stod da på gløtt?

Æsj, han hadde vel berre gløymt å lukke døra i går kveld. Eller?

Ursus var brått blitt mistenksam. Han lista seg nærmare døra. Stansa og lytta. Nei, ikkje ein lyd. Ikkje så mykje som eit musepip.

Så opna han døra i eit rykk.

Ursus slutta å puste. Og rygga. Og rygga. Og …

– ÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆ!!!!!!!!!!!!!!!!

Vaskebaljen var borte!

Ursus var først i sjokk. Han kunne ikkje tru sine eigne auge. Vaskebaljen med blåbær var rett og slett ikkje der.

Så ble han heilt fortvila. Ja, han begynte nesten å gråte. Kva hadde skjedd? Kva skulle han gjere?

Men så skjøna han plutseleg ein ting: Ein vaskebalje full av blåbær forsvinn ikkje av seg sjølv. Det måtte ha vore ein tjuv her!

Men kven kunne det vere?

Ursus gjekk ut på tunet. Han var rasande! Han vandra i ringar, mens han knytte nevane og tenkte så det knaka. Ååå! Berre han fekk fatt i den superfrekke tjuven!

Kven i alle dagar var det?

Plutseleg stansa Ursus. Jo. Det måtte da ha vore eit stort dyr? Sidan det hadde klart å bære ein diger, tung balje med blåbær. Og da fanst det faktisk tre mistenkte i denne saka.

Den eine var elgkua Alces. Ho vandra no så uskyldig omkring og spiste knoppar og blad.

Den andre var mennesket. Nemleg. Menneska trampa rundt på tur overalt i skogen. Dei la frå seg søppel. Dei fanga fisk og plukka all slags bær, og ikkje berre blåbær. Enkelte kom til og med susande på sykkel, i tronge sykkelbukser.

Den tredje og siste var naturlegvis reven Vulpes. Han stod bak nesten alt av lureri i skogen – og var slik sett mistenkt nr. 1, uansett.

Men kven av dei var tjuven? Og korleis skulle Ursus finne det ut?

 

Kva trur de skjer vidare i høgtlesingshistoria?

No har de høyrt første kapittel. Kva trur de kjem til å skje i kapittel 2?
Skriv inn idear til oss. Alle ideane sender vi til forfattaren slik at han kan lese kva de tenker om slutten på historia og kan la seg inspirere når han skriv resten av forteljinga.

Neste kapittel blir publisert fredag 7.september.

  • Tilbakemeldinger på dette kapittelet sender vi til forfatteren, Lars Mæhle. Han vil bli veldig glad for å vite hva dere synes om kapittel 1.

Les mer om Lars Mæhle her

Les mer om tegnekonkurransen her