Jenta i denne boka skal passast av storesyster. Det har ho ikkje så lyst til. Ho blir ikkje blidare av at storesyster har avtalt å få kjærast på besøk.
Ho skriv ein beskjed som ho legg på bordet: Eg rømmer.
Så klatrar ho ut av vindauget og heng i ein taubrannstige medan storesyster oppdagar beskjeden og slår alarm.