Boka er ein klassikar og eignar seg godt som høgtlesingsbok. Vi møter Klatremus, Morten Skogmus, Mikkel, Brumlemann og alle dei andre dyra i Thorbjørn Egner sin fantastiske skog Hakkebakkeskogen. Ungane kjenner seg igjen i dyra som minner litt om oss menneske i måten dei er på, seier og tenkjer. Boka handlar om vennskap og respekt for kvarandre og ikkje mist om å kunne vere trygge og leve i fred med kvarandre.