Om forfatteren

 

 

Tor Arve Røssland skriv bøker for barn og ungdom.

Han er frå Husnes i Hordaland.

 

Under ser de nokon av dei barnebøkene som han har gitt ut. I Monsterboka har han dessutan skrive ein forteljing om Monster-Morten.

De kan lese eit intervju med forfattaren under – og meir på nettsida hans.

 

      

 

Kva for dyr i Leseskogen ville du ha vore? 
Eg trur eg ville vore bjørnen. Bjørnar er størst i skogen, og ingen et dei opp.

 

Viss du gjekk deg vill i Leseskogen, kven ville du hatt med deg? 
Då ville eg hatt med meg ein orienteringsløpar, dei er flinke med kart og kompass. Men av dyra måtte det bli reven, eg trur dei er flinke til å finne fram.

 

Har du eit kjæledyr?
Nei, ikkje anna enn akvariefisk. Men eg er oppvaksen på gard, og ein sommar passa eg på eit lite lam som hadde mista mor si.

 

Kva liker du best ved å skrive?
At eg kan dikte opp forteljingar og drøyme meg vekk i dei.

 

Kvifor ville du bli forfattar?
Fordi eg likar å skrive, og eg likar å lese, og begge deler er viktig når ein er forfattar.

 

Kva likte du best å lese da du gjekk i 1.–2. klasse?
Teikneseriar. Utan tvil.

 

Har du nokon boktips?
Les noko av Ragnar Aalbu, han er flink til å teikne, og så skriv han veldig morosame og litt rare bøker.