Kapittel 5

Bjørnen og blåbærtjuven

Fra og med 31. august 2018 og frem til 28. september 2018 vil vi hver fredag legge ut et nytt kapittel i en sammenhengende høytlesingshistorie i Leseskogen.

Historien skrives av Lars Mæhle, og du kan lese femte og siste kapittel under.

 

Kapittel 5 – siste kapittel

 

Nokon har stole ein vaskebalje full av blåbær frå bjørnen Ursus. (OG ein kasserolle med bringebær frå elgkua Alces.) Ursus og Alces bestemmer seg for å bli detektivar. Med på laget får dei ei jente på sparkesykkel, som har komme bort frå familien sin i skogen.

 

I boden der vaskebaljen blei stole finn dei … ja, nemleg: revespor. Reven Vulpes er tjuven! Dei tre detektivvennene legg ein plan om å lage ei felle for reven. Men i staden er det DEI som går i fella. Til reven.

 

I slutten av førre kapittel hang Ursus, Alces og jenta og dingla i eit nett – høgt oppe i lufta. Korleis i himmelens namn skal dette gå? Og vil dei nokon gong klare å fange den lure reven?

 

Følg med! I siste episode av Bjørnen og blåbærtjuven!

 

 

Ursus kikka fortvila mot Alces og jenta.

– No er gode råd dyre! Vi er fanga i eit nett, og reven skal ete opp all bæra vår. Kva i alle dagar skal vi gjere?

Alle tre tenkte så det knaka. Ei lang stund.

– Eg har det! sa jenta til slutt. – Det er noko i detektivkofferten vi framleis ikkje har brukt. Hugsar de kva det var?

Ursus og Alces skotta usikkert mot kvarandre. Ingen av dei kom på det.

– Det er noko som gjer at vi kan komme i kontakt med andre, sa jenta, – sjølv om vi sit fanga i nettet.

Ursus lyste opp.

– Hjarteballongane!

Jenta nikka.

– Nemleg. No skriv vi ein hemmeleg beskjed på ein lapp med usynleg skrift! Så blæs vi opp ein hjarteballong, legg lappen i den – og smuglar beskjeden ut.

– Kjempeidé! sa elgkua Alces.

Ursus var derimot meir skeptisk.

– Men kven skal vi skrive til?

Jenta tenkte seg om igjen.

– Jo! Vi skriv til familien min, sjølvsagt!

– Men kvifor skal vi skrive med usynleg skrift? lurte elgkua Alces på.

– Det vil de snart få sjå, sa jenta berre.

Ursus og Alces var litt forvirra, men mest imponert over jenta med sparkesykkel. Ho hadde tydelegvis eit svar på alt.

 

Men å skrive viste seg å vere lettare sagt enn gjort. Dei var jo fanga i eit nett, og det var veldig trongt. Ursus, Alces og jenta med sparkesykkel låg oppå kvarandre, med armar og føter i alle retningar. Og berre det å få opna detektivkofferten, var supervanskeleg.

Men jenta stønna og ålte på kroppen, og til slutt fekk ho lirka fram ein lapp – og pennen med usynleg blekk.

– «Pennen verkar slik», las jenta, – «at det du skriv, vil vere usynleg i presis på prikken 10 minutt.»

– Lurt! sa Ursus. – Men eg har ikkje lært meg å skrive enno.

– Men det kan eg, sa jenta. – Eg går jo på skolen!

Ho stønna og vrei på hendene og kroppen igjen.

– Da er eg klar! sa ho til slutt. – Kva skal eg skrive?

Elgkua Alces var raskt ute med eit forslag:

– Kva med: «Hjelp! Vi er fanga i eit nett høgt oppe i lufta, rett ved fururota der reven Vulpes bur! Kom hit straksen med det same! Helsing bjørnen Ursus, elgkua Alces og jenta med sparkesykkel.»

Alle tre var einige om at det var ein heilt topp beskjed. Og jenta skreiv det straks på lappen med usynlegblekk-pennen.

Når ho først hadde opna detektivkofferten, tok jenta boka Korleis lage fellar for blåbærtjuvar – 1232 lure tjuvtriks og la den i lomma. Kanskje ho kunne få bruk for den òg ein gong? Kanskje til og med tåfis-alarm-apparatet? Særleg om forteljinga heldt fram på denne ville måten.

Jo. Jenta fekk lura tåfis-alarm-apparatet ned i jakkelomma òg.

Så viste det seg at Ursus var uvanleg god til å blåse hjarteballongar. Han blåste opp ein på to sekund, sjølv om han låg opp ned. Elgkua Alces låg mellom dei to. Og ho fekk på utruleg vis dytta lappen inn i opninga av hjarteballongen med klovane. Ursus knytte så ein fin knute på hjarteballongen – og dytta han ut gjennom eit av hòla i nettet.

– Slik!

Hjarteballongen svevde fint av garde med vinden.

Heilt til to revelabbar snappa han borte ved fururota. Reven Vulpes lo høgare og mørkare enn nokon gong.

– He-he-he-he-hii! Smugle ut lapp med beskjed i ein hjarteballong? Trur de verkeleg at eg går på det eldgamle trikset?

Reven kikka inn i ballongen.

– Skal vi sjå kva for tull de har skrive på lappen, da?

Så sette han i å le igjen. Ja, reven mista nesten pusten av latter.

– Å-ho-ho-ho-he-he-he-hi! Det står jo INGENTING på lappen! De tre må vere dei mest håplause detektivane eg har møtt i mitt liv!

Reven slapp hjarteballongen att. Den suste opp i lufta – og flaut av garde over tretoppane.

– Nei, no går eg inn og et opp all blåbæra! lo reven opp til dei tre i nettet.

– OG bringebæra! minte elgkua Alces han på.

– OG bringebæra, ja, klukka reven. – Ha det på badet, din gamle marmelade!

Reven lukka ytterdøra til fururota med ein smell.

Gjett om Ursus, Alces og jenta pusta letta ut der i nettet?

– Puh! Det var nære på, kviskra Ursus. – No får vi berre håpe at hjarteballongen finn fram til familien din.

 

I mellomtida, ein heilt annan stad i skogen, gjekk ein familie rundt i skogen og leita og ropte. Det var ein stykk mamma, ein stykk pappa og ein stykk veslebror på to år. Dei ropte og hoia:

– Hallo-o! Kvar er du?

Ja, du gjetta riktig. Det var jenta med sparkesykkel dei leita etter.

Familien hadde køyrt til skogen. Dei hadde plukka blåbær i ro og fred. Lenge. Men da dei kikka opp frå lyngen etter ei stund, var jenta borte. Etterpå hadde dei leita og leita.

Overalt.

No var dei i ferd med å gi opp. Og dei var veldig redde. Til slutt sokk dei ned i den våte lyngen. Mammaa græt. Pappaen græt. Og veslebroren …

… ja, han fekk plutseleg auge på noko. Noko raudt og hjarteforma som dalte sakte og forsiktig – og la seg på bakken rett ved der han satt.

– Ball! sa han.

(Veslebroren kunne ikkje seie «ballong» ordentleg. Eigentleg sa han «ball» om nesten alt.)

Mammaa og pappaen snudde seg.

– Ein hjarteballong? sa mammaa.

– Men ein lapp inni? sa pappaen.

– Ball! sa veslebroren.

Mammaa reiste seg og stakk hòl på ballongen. Ho tok lappen og kikka på han.

– Men … det står da ingenting her?

Pappaen kom no òg over. Og det var kanskje litt flaks, men akkurat da var det gått 9 minutt og 59 sekund sidan jenta skreiv beskjeden. Slik at den hemmelege skrifta kom til syne presis på prikken eitt sekund etterpå.

– Sjå! sa pappaen. – Ein hemmeleg beskjed!

Dei lente seg over og las: «Hjelp! Vi er fanga i eit nett høgt oppe i lufta, rett ved fururota der reven Vulpes bur! Kom hit straksen med det same! Helsing bjørnen Ursus, elgkua Alces og jenta med sparkesykkel.»

Auga til mammaa blei smale og sinte:

– Eg veit kvar den reverota er! Kom, så spring vi!

 

Og det gjorde dei. Familien hasta gjennom skogen. Veslebroren til jenta tykte det var supergøy å sitje på skuldrane til mammaa! Dei køyrde slalåm mellom trea, svisj-svosj-svisj-svosj, og dei spratt opp og ned bakkar så det kilte i magen hans.

Ho-ho! Veslebroren lo og lo.

Men snart sakka mammaa farten. Ho la fingeren framfor munnen og peikte.

Litt lenger framme låg det ei diger, raudmåla fururot.

Huset til reven Vulpes!

Dei lista seg musestille framover.

– Ball! sa veslebroren med eitt.

Både mammaa og pappaen hysja på han.

– No er det superviktig at du er stille, veslebror, kviskra pappaen.

Men veslebroren gav seg ikkje.

– Ball! sa han enda høgare og vifta med handa opp i lufta.

Til slutt måtte mammaa setje veslebroren ned på bakken, og halde handa framfor munnen hans. For ganske riktig: sekundet etter knaka det i ei dør. Familien dukka lynraskt ned i lyngen.

Reven Vulpes stakk snuten ut døra. Han kikka mistenksamt til høgre og venstre.

– Hm. Det var vel berre vinden, mumla reven og lukka døra.

Familien pusta letta ut. Så kikka mammaa morskt mot veslebroren.

– No tar eg handa bort frå munnen din, kviskra ho. – Men da er det ikkje, eg gjentar IKKJE, lov å seie eit pip. Lovar du?

Veslebroren nikka. Mammaa fjerna handa sakte.

– Ball, kviskra veslebroren straks, men veldig stille, før han igjen vifta med handa i vêret.

Mammaa skulle til å skjenne på veslebroren. Men pappaen dulta mammaa i armen.

– Sjå der, kviskra han og peika. – Det var det der veslebror meinte med «ball». Det var ikkje ballong denne gongen, men ei …

– … nettfelle! kviskreropa mammaa.

For der, litt ved sidan av hytta, låg det nokre typar fanga høgt oppe i ei nett. Det var ikkje godt å seie kva slags skapningar det var. Det var pels og detektivfrakkar og detektivhattar og forstørringsglas i ein einaste stor ball. Men familien tykte òg å skimte ein sparkesykkel inni der.

– Flink gut, kviskra mammaa og strauk veslebroren over håret.

Familien venta ei bitte lita stund til. Dei ville vere heilt bombesikre på at reven ikkje kom ut att.

Men så. Sneik dei seg bort til nettet. Sakte. Forsiktig. Eitt og eitt steg.

Mammaa såg at nettfella var festa med tau til eit tre. Da henta ho fram ein speidarkniv frå sekken. Og skar på tauet. Litt til. Og enda litt til. Og …

Tauet rauk! Og heile fella snurra rundt – og small rett ned i bakken!

BÆM!

– Oi! Unnskyld! kviskra mammaa.

 

Det var flaks at den tyngste, Ursus, låg nedst. Bortsett frå at han fekk litt vondt i rumpa, kom dei ganske bra frå fallet. Jenta slo seg ikkje i det heile tatt. No ålte ho seg ut av nettet i ein viss fart, og kasta seg om halsen på familien.

– Så godt å sjå dykk! kviskreropa ho.

Men akkurat da knirka det i døra. Igjen. Reven Vulpes stod i døropninga, med auga vidopne og lepper så knallblå og knallraude at det lyste i skogen.

Reven vakla først eit steg bakover.

– Korleis … kven … kva …

Men så begynte han å humre igjen.

– Ho-ho-ho-hii, lo han sjølvsikkert. – Så de trur de kan ta meg no? Nå, nei. Trur de eg har berre éi felle her ved huset?

Reven drog kjapt i ein spake ved ytterdøra. Og brått opna det seg eit hòl i bakken. Som alle fall ned i – BUMS!

Bortsett frå jenta, som klarte å sparkesykle unna i siste liten. No pilte ho av garde bortover skogbotnen, bort frå reverota.

Men reven sette etter. Han var flygande forbanna. Han sprang så fort han berre klarte, mens han fekta og hylte og skreik. Ja, han brølte så mange stygge ord etter jenta, at eg ikkje får lov av læraren din til å skrive dei ned her.

Reven var av dei aller raskaste dyra i skogen. Men jenta var òg lynande kjapp på sparkesykkelen. Ho rulla som eit lyn mellom trea, så jordspruten stod etter henne. Til slutt smatt ho inn under ei berghylle – og gøymte seg der.

Da ho såg ned, gjekk det eit sug i magen hennar. Berghylla var på toppen av eit stup! Det var sikkert femti meter ned til bakken.

Jenta heldt pusten. Lytta. Hjartet dunka hardt.

Var det nokre lydar der oppe?

Å, jo. Listande revepotar. Rett over henne. Det lukta òg noko … skikkeleg fælt. Æsj! I tillegg kunne jenta no òg høyre reven kjefte ein stad over seg.

– Ååå, altså! Berre eg får tak i den superirriterande jenta!

Han sniffa ut i lufta.

– Luktar det ikkje menneske her da?

Ein stein lausna brått over henne. Steinen rasa ned over kanten på berghylla – og fall ned stupet.

Først fem sekund seinare høyrtest dunket. Frå steinen mot bakken der nede.

Oi! Kva skulle jenta gjere? No kom Vulpes til å oppdage henne. Og ho hadde da ingen sjanse mot reven? Han var da mykje sterkare?

Men brått hugsa ho at ho hadde noko i lomma. Det var ei lita bok. Sakte lirka ho henne fram.

Kan du gjette kva for bok det var?

Nemleg. Korleis lage fellar for blåbærtjuvar – 1232 lure tjuvtriks! Jenta heldt henne framfor seg med skjelvande hender. Ho slo opp på første kapittel og las:

«Gratulerer med kjøpet av boka Korleis lage fellar for blåbærtjuvar – 1232 lure tjuvtriks. Før vi begynner på sjølve blåbærtjuvtriksa, vil forfattarane av boka gjerne få takke …»

Ååå, kom til poenget, da! tenkte jenta. Fort!

Da gjorde jenta noko lurt. Ho slo opp på den sida som står fremst i boka, der det står ein oversikt kalla «innhald». Peikefingeren hennar rasa nedover lista over kapitla.

Der! Kapittel 5: «Korleis fange ein blåbærtjuv som viser seg å vere ein REV.»

Brått knaka det i kvistar rett over henne. Jenta stivna. Ein revesnute kom sniffande over kanten av berghylla! Rett over henne! Hjartet tromma i brystet.

Ho las superraskt:

«Reven er lur, og kanskje den vanskelegaste blåbærtjuven å fange av dei alle. Men …»

Revesnuten kom sniffande stadig nærmare. Det same gjorde den fæle stanken.

Plutseleg klukka ein mørk, vond latter over henne.

– Ho-ho-ho-hi-hi-hi! Eg ser deg, vesle jente! Eg ser deg! No skal eg berre bøye meg litt ned her, så får eg tak i deg. Og DA!

Nei!

Jenta skunda seg å lese vidare:

«… reven har eit sårt punkt. Og det er at han luktar veldig revetåfis. Kan du utnytte det på ein eller annan måte, ja, vips! Da har du ei revefelle.»

Jenta stivna.

Revetåfis! DET var det det lukta, ja! Men …

… hadde ikkje ho noko til i lomma, da? Ein aller siste ting frå detektivkofferten?

Imens bøygde reven seg enda lenger ut over kanten på berghylla. Reveklørne kom nærmare og nærmare. Det var like før han nådde henne no. Berre nokre få centimeter igjen.

Da kom jenta på det.

Tåfis-alarm-apparatet!

Ho fikla med glidelåsen i jakkelomma. Brått rispa reveklør over kinnet hennar.

– Hi-hi-hii! No har eg deg! klukka det over henne.

Her kom reveklørne på ny. Enda nærmare …

Men i same sekund fekk jenta dratt fram tåfis-alarm-apparatet. Ho trykte lynkjapt på knappen.

KLIKK!

BÆÆÆ-BUUU-BÆÆÆ-BUUU-BÆÆÆ-BUUU!

Ein grufull alarm skar ut i lufta. Det jaga gjennom marg og bein. Det peip og ulte. Jenta skvatt slik at ho trudde ho skulle døy.

Men det gjorde reven Vulpes òg. Han skvatt himmelhøgt – føtene hans spann i lause lufta i eit par sekund. Men idet reven trudde han skulle lande, var det ikkje bakke under føtene hans lenger.

Berre stup.

Ja, reven fòr over kanten på berghylla, og fall først sakte, så raskare og raskare. Til slutt suste han som ei kanonkule nedover. Før han small rett inn i eit eldgammalt grantre, så perleugler flaksa i alle retningar. Deretter glei reven nedover stammen mot bakken.

Heilt til han enda opp – med eit plask – i eit digert gjørmehòl. Der blei han liggande og uffe seg. Og det var ikkje så rart, sidan han hadde fått førtiåtte nye blåveisar.

– Eg gir meg! jamra reven Vulpes. – Eg skal aldri stele eit einaste bær igjen. I alle fall ikkje i denne forteljinga.

– Hurra! ropte jenta.

 

Kva trur du skjedde etterpå? Jo da. Jenta fekk henta opp den stakkars familien, Ursus og Alces frå hòlet. Dei klemte og omfamna kvarandre i sikkert ti minutt etterpå. Ursus var spesielt glad, og delte ut bamseklemmar til alle.

Men etter det? Kva trur du dei gjorde da?

Jo, da feira dei med ein heidundrandes blåbærfest, så klart! (Og bringebærfest, ber elgkua Alces meg minne deg om.) I huset til Ursus. For reven Vulpes hadde ikkje rukke å ete meir enn nokre få bær. Nesten alt var igjen i vaskebaljen og kasserollen.

Ursus, Alces, jenta og familien åt bær til dei fekk heilt vondt i magen – og måtte legge seg og kvile. Og sleppe eit par durabelege blåbær-rapar. (Og bringebær-rapar!)

Før dei heldt fram med festen.

Ja, kjenner eg dei detektivtypane der rett, så festar dei enno.

Og snipp, snapp og bjørnesnute, da er forteljinga om Bjørnen og blåbærtjuven ute.

 

 

Da var historia om “Bjørnen og blåbærtjuven” slutt.
Vi håper de har likt forteljinga.

Foreningen !les vil gjerne takke alle som har lese (høgt), sendt inn tilbakemeldingar, komme med forslag til kva som skulle skje vidare og alle som har sendt inn fine teikningar.

Viss de har lyst til å sende inn tilbakemeldingar på det siste kapittelet og/eller på historia i sin heilskap, blir vi veldig glade for det.

  • Tilbakemeldinger på dette kapittelet sender vi til forfatteren, Lars Mæhle. Han vil bli veldig glad for å vite hva dere synes om kapittel 5.

Vi tar òg gjerne imot tilbakemeldingar på tiltaket i sin heilskap: Kva synest de om å vere med på ei slik nyskrive høgtlesingshistorie? Kva var bra med tiltaket? Ønskjer de å vere med på eit liknande tiltak i framtida? Viss de har forslag til korleis tiltaket kan bli betre, vil vi òg veldig gjerne høyre dette.

Les meir om Lars Mæhle her

Les meir om teiknekonkurransen her

Vi håper de fortset å lese gode historier høgt i klasserommet!