Kapittel 5

Kva for dyr i Leseskogen ville du ha vore? Og kvifor?

– Eg ville rett og slett ha vore bjørnen Ursus. Eg liker tanken på å vere ein bjørn som er stor, men samtidig snill. Ein skal vere snill med alle, og særleg dei som er mindre enn deg.

Viss du gjekk deg vill i Leseskogen, kven ville du hatt med deg? Kvifor?

– Da ville det ha vore kjekt å vere saman med beveren Castor. Så kunne han ha felt ein drøss med tre — veldig fort — og bygd eit hus til oss, om det begynte å regne.

Har du eit kjæledyr?

– Nei, dessverre. Eg likar kattar aller best, men er blitt allergisk. Men eg har faktisk vakse opp på bondegard, og da hadde vi mange kattar og éin hund som heitte Prins — i tillegg til høner, grisar og kyr. Søster mi hadde også hest. Den mest berømte katten vi hadde, heitte Julius Desperados. Han var artig og fann på mykje rart. Men han var òg svært lunefull og kunne klore deg når som helst.

Kva liker du best ved å skrive?

– Det aller beste er at eg får vere min eigen sjef! Da kan eg jo bestemme (nesten) alt sjølv. Dessutan får eg leike og bruke fantasi i jobben min.

Kvifor ville du bli forfattar?

– Fordi eg liker å lese og skrive. Og det er ein fin måte å få uttrykke ting som du går rundt og tenker på.

Kva likte du best å lese da du gjekk i 1.–2. klasse?

– Det var nok detektivhistorier og teikneseriar.

Har du nokon boktips?

Ja da. Ein heil drøss. Nokon kan du lese sjølv. Andre kan du kanskje få ein vaksen til å lese høgt for deg.

Beppe Wolgers og Per Åhlin: Dunderklumpen

Sverre Henmo: Ha deg vekk

Bjørn Rørvik: Bøkene om reven og grisungen + Bukkene Bruse-bøkene

Jakob Martin Strid: Den utrolige historia om den kjempestore pæra

Maria Parr: Vaffelhjarte

Anna Fiske: Snarveien 8 B

Håkon Øvreås og Øyvind Torseter: Brune

Martin Widmark: Bøkene om LasseMajas detektivbyrå