LynxTilbake til Lynx bøker

Linn T. Sunne

ISBN 9788252188356

Nynorsk

Apropos forelska

Lagt inn av Troels

Tenk å vere så forelska at ein ikkje vil på ferie!

Det er haustferie, og Tuva skal vere med mamma på båttur til Tyskland. Mamma seier at det blir kjempeartig, og at Tuva kjem til å få mange nye venner. Tuva synest ikkje ho treng nye venner. Det ho treng, er ein kjærast! Og det må vere Simon. Superkjekke Simon i klassen. Som har eit smil som gjer Tuva varm og full av sprett. Eit lite smil frå Simon er tusen gonger betre enn ein dustete båttur. Men på båten ser Tuva noko kjent, noko som får hjartet til å gjere eit stort hopp. Han? Her?
"Apropos forelska" er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Nivå 4.

Følelser Hverdagsdrama Kjærlighet Vennskap

Dere må være logget inn for å legge inn anmeldelser