Nynorsk

Lykketanna

Lagt inn av Sigrun Feiring

Torbjørn er seks år. Til hausten skal han byrje på skulen. Alle spør om han gler seg, for det gjer ein vel når ein skal bli skulegut? Men Torbjørn gruar seg. Han vil ikkje slutte i barnehagen, og han vil ikkje kjøpe skulesekk. Kvifor kan han ikkje berre gle seg slik som dei andre ungane? […]

Les mer og kommenter

Jenta i kista

Lagt inn av Sigrun Feiring

I eit stort og gammalt hus står ei kiste. Men ingen veit kva kista gøymer. For over 100 år sidan budde det ein lykkeleg familie i huset. Men no vil ingen bu der. Alle romma er tomme, alle utanom loftet, der kista står. Men så, ein dag, blir kista opna.

Les mer og kommenter

Viss eg hadde hale

Lagt inn av Sigrun Feiring

Sjå for deg at du vaknar ein dag og har vengar i staden for armar, eller at du plutseleg kan skifte farge og gå i eitt med omgivnadene, som ein kameleon. I Viss eg hadde hale leikar forfattar Mats Eldøen og illustratør Sindre Goksøyr med tanken om korleis verda hadde vore om vi hadde hatt […]

Les mer og kommenter

Pølsetjuven

Lagt inn av Sigrun Feiring | 1 i leselisten

Eg kan ikkje vere med, sa Kjell. Tull, du har ikkje feber, sa mor. Men eg har vondt i magen. Du er berre spent! Eg vil ikkje stele frå Pølse-Per, han er venen min! Ein sann tjuv må kunne stele frå kven som helst! Kjell er ni år og fødd inn i ein tjuvefamilie. Men […]

Les mer og kommenter

Ulla

Lagt inn av Sigrun Feiring | 1 i leselisten

Ulla og flokken leikar gøymsel. Ulla er kjempegod til å gøyme seg, men dei andre er ikkje noko flinke til å leite etter henne. Plutseleg er flokken borte, og Ulla må finne dei att. På leit etter flokken møter ho ei rekke andre dyr. Saman med dei nye vennene er verken elva, steinraset eller den […]

Les mer og kommenter