Jonatan trur at pappa meiner akkurat det han seier. Difor trur Jonatan at han må skru av skruene, og ta døra med seg når han skal gå ut. Pappa ligg og kviler seg, så Jonatan kan ikkje spørje han.
Jonatan klarer å skru av hengsla, men det ender med at han får døra over seg og det kjem blod.
Det var litt rart og litt morsomt at Jonatan trudde faren meinte at han skulle ta med seg døra.
Kjekt at det var ei litt rar bok, og kjekt at vi fekk veta at andre menneske kan tenkje annleis.