Sjå for deg at du vaknar ein dag og har vengar i staden for armar, eller at du plutseleg kan skifte farge og gå i eitt med omgivnadene, som ein kameleon. I Viss eg hadde hale leikar forfattar Mats Eldøen og illustratør Sindre Goksøyr med tanken om korleis verda hadde vore om vi hadde hatt litt meir av dyra sine eigenskapar. Gjennom absurde og morosame teikningar og fantasifulle tankespinn opnar dei for at barn og vaksne kan fabulere heime, i tillegg fortel dei oss kvifor dyra faktisk er som dei er. Dette er ei bok som bør lesast med litt golvplass, så ein kan utforske korleis det er å ha åtte bein, slik som edderkoppen, eller øyre som ein elefant. Veit du kva elefanten eigentleg bruker øyra sine til?