Capreolus

Hei, eg heiter Capreolus, og eg er eit rådyr. Eg er veldig glad i å lese koselege historier, sånn som forteljingar om jul. Eg likar også å lese om sport og andre fritidsaktivitetar.

Hjemme hos Capreolus

Rådyret Capreolus er glad i skogen og har difor tapetsert veggane sine med trær. Eigentleg ville han bu ute, men han blir litt for kald om vinteren og har difor flytta inn i eit hus.Capreolus er heimekjær og blir fort einsam. Han likar å ha familien sin rundt seg. Han ble veldig glad då han fekk flytta inn i Leseskogen for då har han dyr rundt seg heile tida.

Capreolus likar å springe rundt i skogen, hoppe over trær og stein, og dukke under greinar. Han har ein draum om å bli sportskommentator på tv, for då kan han sjå på sport heile dagen. Han likar også andre fritidsaktivitetar og elskar å lese bøker om det.

Favorittårstida hans er jula, for då er det så koseleg stemning i skogen. Det beste Capreolus veit, er å sitte i godstolen sin og lesa koselege historier før han går og legg seg.