Chiro

Eg heiter Chiroptera, men alle kallar meg for Chiro. Eg er ei flaggermus. Eg likar å lese morosame bøker.

Hjemme hos Chiro

Eg heiter Chiroptera, men alle kallar meg for Chiro. Eg er ei flaggermus. Eg likar best å vere vaken om natta. Då flyg eg rundt i mørkeret for å finne mat.

Over heile verda finst det både små og store flaggermus. Dei store flaggermusene lever i Mellom- og Sør-Amerika og kan minne om flygande hundar. I Noreg bur det berre småflaggermus. Småflaggermusene liknar mus med venger. Vi likar best å ete insekt.

Vi flaggermus kan ikkje sjå så godt, men vi har heldigvis god høyrsel. Når eg skal flyge rundt for å finne insekt, bruker eg høyrselen for å finne fram. Eg kan lage klikkelydar med vengene mine som menneska ikkje kan høyre. Når lyden treffer noko, til dømes eit insekt, kjem lyden tilbake til flaggermusøyra mine, og eg kan finne ut kvar insektet er. Eg kan liksom sjå med øyra.

Når eg skal slappe av, heng eg etter tærne mine med hovudet ned. Om vinteren likar vi flaggermus best å sove.

Nokre flaggermus som bur i Noreg, er trua. Det betyr at menneske øydelegge område der flaggermusa bur. Eg ønskjer at vi skal ta vare på naturen vår sånn at alle saman kan leve godt her.