Unni og Gunni er to gode venner som likar forandring. Dei er ikkje redde for å setje i gang med nye prosjekt, og finn alltid ei løysing på utfordringane dei møter under vegs. Men ein treng litt utstyr for å reise. Og korleis veit ein kor ein skal? Unni og Gunni finn fram kart og kompass og anna utstyr. Så flyr dei framover, bakover, over, under, opp og ned – og til slutt landar dei ein heilt ny stad.