Boka handlar om katten Steinar som er redd for det meste. Dei andre kattane synst at han er pysete så dei kallar han Pysekatt. Men ein dag skjer det noko som gjer at han aldri meir vert kalla for Pysekatt. Boka er på nynorsk og er ei bok i Leselandserien. Den er lett å lese og den har mange fine illlustrasjonar.
Vistdal skule
spennende skummel overraskende, lærerik
Katten Steinar er redd for det meste og han likar ikkje å vere i eit hus fullt av rare lydar. Dei andre ertar Steinar og kallar han pysekatt. Men så skjer det noko spennande i huset og Steinar må vere modig.
Boka er litt skummel og artig. Den er lett å lese.