Tvillingane Jenny og Ole har eit stort ønske som mange barn vil kjenne seg att i: Dei vil ha hund! Og dei er villige til å gjere det meste for å overtyde mamma og pappa om at dei kan ta ansvar for eit kjæledyr. Til og med rydde rommet! Men når det viser seg at det ikkje hjelper, må dei tenkje større. Å kidnappe ein hund på kennelen verkar som ein veldig god ide. Eller?