Den første boka i serien heiter «Ikke bøll med benkesliterne». Bønna og venene hans brukar alt for mykje tid på dataspel. Det tykkjer i alle fall mamma, som har bestemt seg for at frå no av skal det bli andre bollar! Ho bestemmer at Bønna og dei andre skal starta eit fotballag, med pappa som trenar. Korkje Bønna eller dei andre gutane er spesielt interesserte i fotball, men sidan dei ikkje akkurat har noko val, blir dei med. Første kamp blir mot A-laget, gutane i A-klassen som toppar laget, og endar som det må enda – med eit solid tap. Men kan dei likevel tapa med stil?