Kapittel 2

Leon og oljeeventyret

av Tor Arve Røssland

 

Fra og med 30. august og frem til 27. september 2019 vil vi hver fredag legge ut et nytt kapittel i en sammenhengende høytlesingshistorie i Leseskogen. Her er andre kapittel i historien.

 

Leon må vere på skipet «Ole» heile sommaren saman med mammaa og pappaen sin. Dei jobbar på båten for å leite etter olje.

I første kapittel var Leon ute på skipsdekket midt på natta, sjølv om det var strengt forbode for han å gå ut åleine.

Samstundes var det noko mørkt og stort som nærma seg ute på havet. Det var eit mystisk isfjell som følgde etter skipet. Midt i isfjellet så Leon ei hole og ein menneskeliknande skapning.

Det siste som skjedde, var at Leon blei løfta bort til skapningen av blekksprutarmar og dregen ned i havet. Kven har tatt Leon?

Kapittel 2

 

Leon vakna og hosta. Han spytta ut salt sjøvatn til han nesten kasta opp. Beina skalv då han reiste seg.

Det var iskaldt rundt han, og nesten heilt bekmørkt. Ein låg og mørk lyd buldra eit stykke unna. Høyrdest ut som ein slags motor.

– Er eg inni isfjellet? kviskra han for seg sjølv og myste med augo.

Han såg omrisset av ei stor skyvedør og gjekk mot den. Skyvedøra opna seg automatisk, akkurat som dørene utanfor kjøpesentera i byen.

 

– Er det nokon her? sa han forsiktig ut i gangen.

Men røysta hans var svak og hås.

Buldrelyden var høgare her ute, og han gjekk mot lyden. Det blei lysare og varmare dess lenger bort i gangen han kom.

Plutseleg byrja heile rommet å gynga og Leon ramla rett i veggen. Etter nokre sekund var golvet beint igjen, og han reiste seg opp. Då såg han at det var handtak langs veggen. Han greip tak og haldt godt fast medan han gjekk vidare mot varmen og lyset.

I enden av gangen kom han til ei ny skyvedør, som gjekk opp av seg sjølv den òg.

 

Bak døra fekk Leon sjå eit fantastisk syn!

Eit gigantisk styrehus med eit enormt vindauge. Det var sikkert tjue meter i breidda og fire meter høgt. Og utanfor var havbotnen. Med fiskar i alle fargar. Lange trådar med sjøgras strakte seg opp mot overflata. Vakre korallar vaks på havbotnen og forma store korallrev fleire kilometer framover.

Eg er i ein slags ubåt, tenkte Leon.

 

Han gjekk nokre skritt og såg baksida av tre store stolar.

Den eine stolen snudde seg sakte rundt, og ein skikkelse såg rett på han. Det var ein mann, men han såg ikkje ut som eit menneske. Han hadde lange armar, og store mørke auger, mykje større enn vanleg. Huda hans var ru og grønaktig. Mannen reiste seg og gjekk mot Leon. Han hadde ikkje vanlege føter, men åtte lange blekksprutarmar som spreidde seg utover golvet.

Han er ein havmann, tenkte Leon. Ein ekte havmann!

Leon turte ikkje røre seg mens mannen kom nærare. Samstundes snudde dei to andre stolane seg, og to andre havmenn kom til syne. Dei hadde store glasshjelmar over hovudet, fylte med vatn. Dei smilte ikkje. Dei såg nesten sinte ut.

– Korleis går det med deg? spurte havmannen og tok handa på skuldra til Leon.

Det var symjehud mellom fingrane hans. Røysta hans var like mørk som augo. Og det kom ein gurglelyd frå munnen hans etter kvart ord. Han snakka sakte og tydeleg, og medan han snakka spreidde eit smil seg om munnen hans.

– Eg heiter Masima. Det var eg som henta deg der oppe.

Masima snudde seg mot dei to andre og sa noko på eit uforståeleg språk. Den eine av dei nikka, før begge snudde stolane sine tilbake mot det store vindauget. Utanfor var det nesten heilt mørkt no, berre eit stort undersjøisk fjell var å sjå.

– Vi er framme, sa Masima.

Leon turte ikkje spørje om kvar dei var komne til.

– Dei to ville ikkje at eg skulle hente deg, sa Masima. – Dei trur ikkje menneska er nokon trussel.

Leon heva augebryna. – Men er vi ein trussel, då?

– Ja, diverre, surkla Masima. – Ein stor trussel.

 

Masima sklei på blekksprutføtene sine mot døra.

– Følg meg! sa han.

Leon følgde etter ut i gangen.

– Dei fleste havfolk pleier ikkje å ofre menneska ein einaste tanke, sa Masima.

Han stogga opp og stira på Leon.

– Men eg har vore nysgjerrig, og eg har studert kva de har drive med i årevis. Eg har til og med lært meg å puste lufta dykkar i korte periodar. Den siste tida har menneska byrja rote med ting de ikkje har greie på. De har funne opp bilar og flymaskinar som gjer havet skittent. Og for ikkje å snakke om all plastikken de kastar frå dykk. Vi kan ikkje ha det slik lenger!

Leon visste ikkje kva han skulle svare.

– Havet er fleire milliardar år gammalt, Leon, men flya blei funnen opp for berre litt over hundre år sidan. På den korte tida har menneska utrydda tusenvis av skapningar i havet og oppe på landjorda. Heile tida pumpar de opp olje, heilt unødvendig.

Leon blei irritert. Mamma og pappa sin jobb var ikkje unødvendig. Utan olja stoppar verda! Men han visste ikkje korleis han skulle forklare. Det var ikkje lurt å kaste plastikk i havet, det visste han, og plastikk er laga av olje.

Masima hosta og trykka på ein knapp på kragen, og ein glasshjelm kapsla inn hovudet hans. Vatn blei fylt opp inni hjelmen og Masima opna munnen.

– Dette er ikkje din feil, unge Leon. Men du kan vere med å ordne opp. Du og eg kan snu alt saman.

Setningane hans flaut betre no, og han gurgla ikkje etter kvart ord lenger.

– Korleis skal vi klare det? sa Leon.

Masima smilte.

– Menneska treng ikkje olje. Det finst eit anna stoff som gjer akkurat same jobben. Eit stoff som finst nesten overalt, og som ikkje blir brukt opp heller.

– Kva stoff er det? spurte Leon.

 

Masima skulle til å svare, men plutseleg kom det havfolk mot dei frå begge endar av den lange gangen.

Desse hadde på seg mørkegrøne rustningar. Hjelmane var kolsvarte. Det gjekk ikkje an å sjå andleta deira. I hendene hadde dei lange spyd, og dei snakka eit språk Leon ikkje forstod.

Blekksprutføtene førte dei lynraskt bort til Leon og Masima, som begge to blei fanga og haldne hardt fast i.

– Dette er dronninga sine vakter, sa Masima. – Eg hadde håpa at dei ikkje visste om kva eg dreiv med. Men dei har spionar overalt.

Leon blei tvungen til å ta på seg ei dykkardrakt. Drakta passa ikkje heilt. Den var tydeleg laga for havfolk.

– Hald deg fast i meg! sa Masima og greip tak i Leon.

 

Ei stor dør opna seg, og vatn fossa inn i gangen.

Leon måtte tvihalde seg rundt den kraftige armen til Masima. Det var så vidt han ikkje blei skylt av garde med vatnet. Etter nokre sekund var heile gangen under vatn, men heldigvis ikkje inni hjelmen – der var det luft.

 

Leon blei dregen inn i ein gigantisk hall der havfolk sumde rundt. Ein og annan havhest var òg å sjå. Sjølvlysande maneter lyste opp kvar minste krok med dei lange trådane sine.

Masima tok Leon på armen og sumde innover hallen. Omringa av vaktene.

Leon snudde seg og såg isfjellet han hadde vore inni. Eller det var vel ein ubåt som likna på eit isfjell. Det var mange andre ubåtar inni hallen. Nokre låg fortøydd, medan andre køyrte rundt, men det var ingen som likna på Masima sin. Den var heilt unik.

 

– Dronninga vil snakke med oss, sa Masima. – Og eg veit ikkje kva ho vil med oss.

Leon kjende ikkje Masima så godt, men han var sikker på at det var redsle i røysta hans.

 

 


Les fleire kapittel her.

Les meir om Tor Arve Røssland her.

Se tegninger her.