Kapittel 3

Leon og oljeeventyret

av Tor Arve Røssland

 

Fra og med 30. august og frem til 27. september 2019 vil vi hver fredag legge ut et nytt kapittel i en sammenhengende høytlesingshistorie i Leseskogen. Her er tredje kapittel i historien.

 

Leon må vere på skipet «Ole» heile sommaren saman med mammaa og pappaen sin. Dei jobbar på båten for å leite etter olje.

Ei natt var det eit mystisk isfjell som følgde etter skipet, og Leon blei dregen ned i havet av ein menneskeliknande skapning.

Isfjellet viste seg å vere ein ubåt, og skapningen var Masima av havfolket. Masima hadde noko viktig å fortelje Leon, men så blei dei begge tekne av dronninga sine vakter.

Korleis skal det gå med Masima og Leon? Og kva var det Masima skulle fortelje?

Kapittel 3

 

Leon og Masima blei ført gjennom ein lang og rund gang.

Det var umogleg å stikke av. Vaktene passa på.

I enden av gangen kom dei til ei stor rund dør som opna seg av seg sjølv.

Innanfor var eit enormt rom, sjølvsagt fylt med vatn. Men her inne var vatnet mykje varmare. Leon kunne kjenne det gjennom dykkardrakta.

På golvet låg det store, nesten gjennomsiktige egg som dekka heile golvet. Nokre stader låg dei i store haugar.

– Kven har lagt alle desse egga? kviskra Leon til Masima.

– Det har dronninga gjort, sa han.

 

Akkurat då han sa det, steig ein skikkelse opp frå bak ein av egghaugane.

Ei enorm havkvinne kom til syne, før ho sumde mot dei.

Ho hadde på seg ei lang fargerik kappe som strakte seg fleire meter bak henne, og blekksprutføtene hennar var dobbelt så lange som Masima sine. Fingrane hennar var lengre enn armane til Leon.

Ho såg på Masima, og augo hennar blei smale. Ho var tydeleg sint på han. Dei to krangla på havspråket, og Masima måtte forsvare seg.

 

Etter nokre minutt sumde dronninga bort og sette seg ned på ei flytande trone midt i rommet. Trona var laga av tusenvis av skjel, dekorert med fargerike sjøplanter.

– Kva sa ho? spurte Leon.

– Ho likar ikkje at eg har tatt deg med her. Ho har gitt opp menneska for lenge sidan.

– Kvifor då?

– Fordi ho har forsøkt å snakke med dei i hundrevis av år, men ingen høyrer på ho.

Hundrevis av år, tenkte Leon. Kor gammal er ho?

– Dronninga vil ikkje snakke med menneska lenger, fortsette Masima.

– Derfor har ho byrja legge krigaregg. Millionar av dei. Snart har ho ein hær stor nok til å gå til angrep.

Leon såg på egga. Dei var mykje større enn Masima, og inni kunne Leon sjå noko som rørte på seg.

Han svelgde og merka at det var vanskeleg å puste inne i dykkarhjelmen.

– Det var derfor eg tok deg med hit, Leon, sa Masima. – For å lære deg kva de kan bruke i staden for olje.

– Men kvifor meg?

– Fordi du er eit barn, Leon. Tidlegare har vi berre snakka med dei vaksne oppe på landjorda. Dei vil ikkje lytte. Men eit barn vil kanskje.

– Og kva sa dronninga til det?

Masima snudde seg mot dronninga. – Ho tenkjer på det, men eg aner ikkje kva ho kjem til å gjere.

 

Dronninga sumde ned mot golvet igjen.

Før ho rakk å seie noko, blei heile tronerommet rista av eit stort smell. Det gjekk sjokkbølgjer gjennom heile rommet.

Dronninga ropte ut kommandoar til vaktene sine, og snart var Masima og Leon åleine med egga.

– Kva var det smellet for noko? sa Leon.

– Akkurat det eg frykta! sa Masima. – Menneska er kome for å hente deg!

Han tok Leon på armen og sumde mot utgangen. Ingen vakter var å sjå.

Masima sumde i full fart gjennom gangen, ut i hallen og rett mot staden der isfjellubåten låg fortøydd.

Ubåten starta opp med det same. Nokre sekund seinare sat dei begge i styrehuset saman med dei to andre havmennene.

 

Ubåten buldra og steig oppover og ut i ope vatn. Der kunne Leon sjå kva som hadde skjedd.

Ein gigantisk ubåt hadde plassert seg midt over det undersjøiske fjellet. Ubåten var lang og svart. Det var ingen tvil om den kom frå overflata.

Dei hadde skote eit svært hol på fjelltoppen, og ut strøymde lys frå dronningpalasset på innsida.

– Eg må ta kontakt med ubåten, sa Masima.

Han løfta opp ein walkie-talkie.

– Dette er Masima av havfolket! Kven er det som angrip oss?

Det spraka i walkie-talkien, og plutseleg høyrte Leon ei kjend røyst.

– Vi er her for å hente guten, sa røysta.

Leon var ikkje i tvil. Det var kaptein Lund som snakka. Var mor og far om bord i ubåten òg?

– Vi nøler ikkje med å skyte igjen! sa kaptein Lund.

– Det er ikkje nødvendig å skyte! sa Masima. – Leon er her med meg, og han er trygg og uskadd.

 

Ubåten skifta retning og kom rett mot isfjellubåten til Masima.

– Vi vil berre snakke med dykk, sa Masima. – Lære dykk at olje ikkje er nødvendig.

Det spraka i walkie-talkien igjen.

– Eg veit det, sa kaptein Lund. – Eg veit alt om teknologien din. Vi er ikkje interessert.

– Kva meiner ho? sa Leon. – Kva for ein teknologi?

Masima snudde seg mot han.

– Alle våre fartøy bruker saltvatn som drivstoff. Motorane våre sug inn vatn, og spyler det ut igjen like reint som då det kom inn.

Leon høyrte lyden av dei kraftige motorane i isfjellubåten. Var det verkeleg berre saltvatn som gav dei kraft? Det var jo heilt utruleg!

 

Ubåten til kaptein Lund plasserte seg rett framføre dei. Leon såg at torpedolukene opna seg.

Skal dei skyte oss med torpedo? tenkte han. Men då sprenger dei jo meg òg!

– Å, Masima, sa kaptein Lund. – Eg skulle ynskje du ikkje fortalte guten dette. No har eg ikkje noko anna val enn å skyte.

 

Les første og andre kapittel her

Les meir om Tor Arve Røssland her.

Se tegninger her.