Kapittel 4

Leon og oljeeventyret

av Tor Arve Røssland

 

Frå og med 30. august og fram til 27. september 2019, vil vi kvar fredag leggje ut eit nytt kapittel i ei samanhengande høgtlesingshistorie i Leseskogen. Her er fjerde kapittel i historia.

 

Leon må vere på skipet «Ole» heile sommaren. Saman med Kaptein Lund jobbar mammaa og pappaen hans med å leite etter olje.

Ei natt var det ein mystisk ubåt som følgde etter skipet, og Leon blei dregen ned i havet av ein menneskeliknande skapning – Masima av havfolket. Masima ville fortelje Leon kva menneska kan bruke i staden for olje, men så blei dei begge tekne av dronninga sine vakter. Inne hos dronninga fekk Leon sjå alle egga ho hadde lagt – millionar av krigaregg.

Det siste som skjedde i førre kapittel, var at kaptein Lunds ubåt kom for å hente Leon. Men då kaptein Lund fekk høyre kva Masima hadde fortalt om olje og saltvatn, opna ho torpedolukene.

Skulle verkeleg Kaptein Lund skyte både Masima og Leon? Kvifor var ho ikkje interessert i det havfolket hadde å fortelje?

Kapittel 4

 

Den svarte ubåten til kaptein Lund fyrte av to torpedoar. Dei kom rett mot isfjellubåten som Leon og Masima sat inni.

– Kva skal vi gjere? sa Leon. – Klarer vi å stikke av?

Masima rista på hovudet. – Nei, torpedoane kjem til å fylgje etter oss.

Dei to svarte torpedoane kom nærare. Dei var berre nokre sekund unna.

Hjartet til Leon banka langt oppi halsen. Pusten gjekk fortare og fortare. Han skulle ynskje han kunne rive av seg hjelmen, men ubåten til Masima var framleis fylt med vatn.

– Farvel, sa røysta til kaptein Lund i walkie-talkien.

 

Holet som kaptein Lund hadde skote i taket på dronningpalasset lyste opp.

Lange stråler av skarpe farger skein oppover, og dronninga steig opp av holet. Ho heva dei lange armane og spreidde blekksprutføtene utover.

– Motorane på fullt! ropte Masima til dei to andre havmennene.

Dronninga knytte nevane og slo begge hendene framføre seg. Som om ho skulle skubbe vatnet vekk.

Ei enorm, usynleg sjokkbølgje raste gjennom vatnet. Begge torpedoane skifta retning og fór oppover, før dei krasja inn i kvarandre og eksploderte.

Masima og dei to havmennene strevde med å halde isfjellubåten stødig, men vatnet roa seg fort ned.

Den svarte ubåten til kaptein Lund snudde seg mot dronninga og fyrte av to nye torpedoar. Men dei enda opp på same måten som dei to første.

Dronninga kunne styre vatnet akkurat slik ho ville. Kaptein Lund var sjanselaus.

Dronninga laga ein ny havstraum som fekk den svarte ubåten til å spinne rundt, og oppover.

– Kom igjen! sa Masima. – Vi følgjer etter!

 

Oppover og oppover gjekk det. Heilt til overflata.

Der blei den svarte ubåten til kaptein Lund liggande som ein daud kval. Dronninga sirkla rundt ubåten, med berre augo over vassflata.

Isfjellubåten blei tømt for vatn, og Leon kunne ta av seg hjelmen.

– Kom så går vi ut på dekk, sa Masima.

Ute kunne Leon sjå eit skip kome ut av skodda. Det var «Ole», og han kunne skimte mamma og pappa som stod på dekk.

Han kjente at tårene pressa på, men han svelgde og gjekk bort til Masima.

– Kva skjer no? spurte han.

– No er det opp til dronninga, sa Masima.

 

Havet blei plutseleg blikkstille, og dronninga stakk heile overkroppen over vatnet. Ho kunne visst puste i luft ei stund ho òg, tenkte Leon.

Dei to ubåtane stogga opp og låg ved sidan av kvarandre. Ei luke i den svarte ubåten opna seg, og kaptein Lund kom krypande ut. Håret hennar var bustete, og ho var heilt grøn i fjeset.

Leon flirte. Ho hadde blitt sjøsjuk av å spinne rundt, og no var ho heilt utslått.

– Kom! sa Masima. – Eg må hjelpe dronninga med å omsetje.

Masima greip Leon og hoppa i sjøen. Og ikkje lenge etter stod dei begge på dekket av den svarte ubåten, saman med kaptein Lund.

 

Mamma og pappa hadde gått i lettbåten og var på veg mot dei. Ikkje lenge etterpå klatra dei på ubåtdekket og gjekk bort til kaptein Lund.

– Kva gjer de her? sa kaptein Lund. – Eg har alt under kontroll.

Mamma lo av kaptein Lund. – Det ser ikkje slik ut!

Dronninga kom opp på dekket av ubåten, og heile båten sokk fleire meter av tyngda hennar. Leon tok handa til Masima for å ikkje ramle over ende, og kaptein Lund la seg ned på magen.

Pappa gjekk bort til dronninga og såg på henne.

– Eg har berre høyrt rykte om deg, sa han, medan Masima omsette til havspråket. – Kvifor gjer du dette?

– Vi må forsvare oss sjølve, omsette Masima.

Men dronninga ville ikkje seie noko meir.

Masima fortsette. – Dronninga vil ikkje tillate at de borar etter olje her, sa han.

– Ho kjem til å kjempe imot. Men eg vil heller lære deg ein annan måte.

Masima fortalde om motorar som gjekk på saltvatn, og mamma og pappa såg meir og meir overraska ut.

 

Til slutt snudde mamma seg mot kaptein Lund.

– Og dette visste du om?

Kaptein Lund hadde ikkje fortalt sanninga til nokon. Foreldra til Leon var sint på henne, men pappa sukka oppgitt.

– Det er flott at motorar kan gå på saltvatn, sa han. – Men først må vi lage desse nye motorane, og då treng vi framleis å leite etter meir olje. Og vi veit at det finst olje akkurat her vi er no.

Her som havfolka bur, tenkte Leon. Det kjem ikkje til å gå bra.

Han måtte få mamma og pappa til å skjøne dette! Men kva skulle han seie? Korleis skulle han få dei til å forstå?

Kaptein Lund reiste seg opp og flirte.

– Neste gong kjem vi med hundre ubåtar og tar knekken på ho der blekksprutdama.

– Ro deg ned, kaptein Lund, sa mamma. – Det treng ikkje bli krig av dette, men vi treng olja, og ingen bør gå i vegen for oss.

Masima tok på seg hjelmen og fylte den med vatn igjen.

– Eg trur ikkje de heilt skjønar kor mektig dronninga vår er. Ho har ikkje brydd seg om menneska før. Men no er ho klar til kamp.

 

Dronninga sklei sakte ned frå ubåten og forsvann i djupet.

– Ho er havet, sa Masima. – Vi er havet.

Det byrja å koke og boble i sjøen. Som tusen fisk som sprella rundt i overflata.

– Egga har klekka, sa Masima og løfta opp Leon.

 

Les fleire kapittel her.

Les meir om Tor Arve Røssland her.

Se tegninger her.