Kapittel 5

Leon og oljeeventyret

av Tor Arve Røssland

 

Frå og med 30. august og fram til 27. september 2019, vil vi kvar fredag leggje ut eit nytt kapittel i ei samanhengande høgtlesingshistorie i Leseskogen. Her er femte – og siste – kapittel i historia.

 

Leon må vere på skipet «Ole» heile sommaren. Saman med Kaptein Lund jobbar foreldra til Leon med å leite etter olje.

Ei natt blir Leon dratt ned i havet av ein menneskeliknande skapning: Masima av havfolket. Masima vil fortelje Leon kva menneska kan bruke i staden for olje.

Kaptein Lund kommer for å hente Leon i ein svart ubåt, men då ho høyrer kva Masima hadde fortalt, angrip ho dei med torpedoar. Heldigvis stoppar dronninga av havfolket Kaptein Lund ved å sende ubåten hennar opp til overflata.

På overflata får Leon sjå foreldra sine igjen, og Masima fortel dei om motorar som går på saltvatn. Men før Leon og Masima får overtalt dei vaksne til å slutte å bore etter olje, byrjar det å koke og boble i sjøen. Dronningens krigaregg har klekka. Korleis skal Leon få dei vaksne til å forstå?

Kapittel 5 – siste kapittel

 

Havoverflata blei broten av tusenvis av havkrigarar. Dei hadde svarte hjelmar og kraftige rustingar. Dei omringa skipet «Ole», og den svarte ubåten til kaptein Lund.

Kaptein Lund reiste seg opp og kravla ned i skroget igjen. Ho skunda seg  å lukka luka bak seg. Masima drog med seg Leon inn i isfjellubåten sin og inn i styrehuset.

– Men kva med mamma og pappa? sa Leon.

Han såg foreldra som klatra opp i lettbåten igjen på veg mot «Ole».

Masima såg på Leon, så styrte han isfjellubåten bort til foreldra.

– Eg opnar luka og slepp dei inn, sa han til Leon.

Og ikkje lenge etterpå var mannskapet frå «Ole» i styrhuset.

– De er trygge her, sa Masima.

 

– Kva planlegg dronninga? spurde pappa.

Masima svarte ikkje.

Det dukka stadig opp nye havkrigarar. Dei byrja å klatre opp skroget på «Ole». Nokre av dei forsvann inn i skipet, medan andre stilte seg opp på dekk, som om dei skulle halde vakt.

– Kva gjer dei med skipet vårt? spurde mamma.

– Eg er faktisk ikkje sikker, svara Masima.

Det buldra og braka frå skipet. Som om nokon reiv det frå kvarandre.

– Det skipet er svindyrt! sa pappa. – Kven skal betale viss dei øydelegg det?

Ingen svarte, og Leon såg berre stygt på foreldra sine. Dei tenkte berre på pengar og olje!

 

Den svarte ubåten til kaptein Lund byrja å dykke. Det same gjorde Masima og isfjellubåten.

– Vi må halde auge med henne, sa han.

Under overflata var det tusenvis, kanskje millionar av nyklekka, men fullvaksne havkrigarar. Alle var på veg til overflata. Dei greip tak i ubåten til kaptein Lund. Ho hadde ingenting å stille opp med.

– Ikkje eingong ti tusen ubåtar frå menneska kan hamle opp med dronninga, sa Masima. – Ho kan leggje egg heile tida dersom ho vil. Ein endelaus straum av krigarar. Og krigarane kan gå opp på land, der havet ikkje rekk.

– Men kva vil ho oss? spurde mor.

– Har du ikkje forstått det enno? sa Leon og bruste seg opp. – Ho vil at vi skal slutte å leite etter olje! Og ho har lært oss ein betre måte å gjere det på.

– Eg veit ikkje heilt om eg trur på dette med båtar som går på saltvatn, sa pappa og tok armane i kross. – Kvifor har ikkje vi funne opp det sjølve?

Masima snudde seg mot pappaen til Leon og reiste seg.

– Fordi ingen har prøvd. Det finnest sikkert hundrevis av betre måtar å drive ein motor på enn olje og bensin. Men menneska har ikkje forsøkt, eingong. Derfor har de ikkje funne det opp sjølve. Millionar av smarte folk som ikkje bruker hjernen til anna enn det same gamle.

– Berre fordi olja gjer oss rike, sa Leon.

– Dronninga har fått nok, sa Masima. – Det er heilt tydeleg, og eg aner ikkje kor langt ho er villig til å gå. Men merk mine ord: Ho kan vaske rein overflata på heile jorda, dersom ho vil. Og havkrigarane kan rydde opp etterpå.

– Og alle menneska vil døy ut? sa mamma. – Kva er det for ei dronning? Som berre drep alle uskuldige folk?

 

Ingen rakk å svare, for no var dronninga på veg til overflata igjen.

Men ikkje nok med det. Ho brukte kreftene sine til å lage ei enorm bølgje. Masima og isfjellubåten braut overflata og surfa på bølgja saman med dronninga. Etterkvart som bølgja raste over havet, vart den større og større. Då den kom fram til land og ein stor by, stogga den opp. Dronninga kunne få bølgja til å ta pause.

Leon såg byen langt der nede, og han kunne høyre dronninga si røyst i høgtalaren i styrehuset.

– Kva seier ho? sa han.

Masima sukka og såg på dei vettskremte menneska han hadde med seg.

– Ho seier at no har de eit val. Menneska kan velgje mellom å bli øydelagt av bølgjene, eller å slutte å leite etter meir olje.

– Ikkje noko særleg til val! sa pappa sint.

Dronninga heldt fram. – Ho seier at øydelagt blir de uansett, dersom de held fram på same måten. Ho kan hjelpe dykk med å få det overstått allereie i dag.

Bølgja byrja røre på seg igjen. Den raste mot byen i full fart.

– Men vi kan ikkje bestemme at vi skal slutte å leite etter olje! sa pappa.

– Nei, det er oljeselskapa som bestemmer slikt! sa mamma.

– Men de kan vere med å påverke dei, sa Masima. – Men no må de skunde dykk! Det er rett før denne byen forsvinn i havet!

 

Leon såg folk som sprang som små maur nede på bakken. Dei hadde ingen stader å flykte.

Han såg på foreldra sine og resten av mannskapet frå «Ole». Dei såg forvirra og rådville ut. Som ein flokk med sauer. Og kvifor skulle dei bestemme dette? Kvifor kunne ikkje han?

– Stopp! ropte Leon. – Vi skal gjere det vi kan!

Bølgja roa seg ned, og havet blei flatt. Masima smilte til Leon. Byen var trygg for denne gongen, tenkte Leon. Alle stira på Leon som hadde tatt styringa på denne måten. Han hadde bestemt seg for at dette skulle han ordne. Uansett kva dei vaksne fann på.

– Eg visste du var den rette, sa Masima.

Leon smilte, men kjende hjartet banke langt oppi halsen.

Dronninga sa noko i høgtalaren, og Masima strålte opp.

– Dronninga har bestemt seg for å hjelpe dykk litt i gang, smilte han.

 

«Ole» kom i full fart mot dei og ankra opp like ved isfjellubåten. Havkrigarane som hadde styrt skipet, forsvann ned frå dekk og ut i sjøen igjen, saman med dronninga.

Leon, mamma, pappa og resten av mannskapet klatra om bord i «Ole», medan Masima gjorde seg klar til å forlate dei.

– No er det opp til deg, Leon, sa han. – No har du eit heilt nytt skip under føtene. Eit skip som går på saltvatn. Finn ut korleis det verkar, og lag fleire. Og hugs at dersom de held fram med oljeleiting, så kjem dronninga tilbake med bølgjer og endå fleire havkrigarar. Og hugs det er meir hav på jorda, enn det er land. Havet vil alltid vinne.

 

Isfjellubåten dykka under og forsvann. Like etter spratt den svarte ubåten til kaptein Lund høgt opp i lufta, og landa midt ute på ei grasslette på land. Kaptein Lund kravla ut og hylte og skreik.

– Snakk om dårleg tapar, sa Leon til seg sjølv. – Håper vi aldri ser ho igjen.

Havet roa seg, og mamma gjekk opp i styrehuset og starta motoren.

Lyden var heilt annleis no, og ingen svart eksos kom ut frå skorsteinen. Berre ein fin vassdamp. Ankeret ble drege opp, og mor la kursen sørover.

– Kva skal vi gjere? sa pappa og såg på Leon.

Leon snudde seg og stirra fram mot horisonten. Både himmel og hav var blåare enn han nokon gong hadde sett.

– Vi har ein jobb å gjere, sa Leon. – Og eg er klar!

 

 

Les dei andre kapitlene her

Les meir om Tor Arve Røssland her.

Se tegninger her.

 

Vi håper de fortset å lese gode historier høgt i klasserommet!