Kapittel 1

Leon og oljeeventyret

av Tor Arve Røssland

 

Fra og med 30. august og frem til 27. september 2019 vil vi hver fredag legge ut et nytt kapittel i en sammenhengende høytlesingshistorie i Leseskogen. Her er første kapittel i historien.

 

Kapittel 1

 

Leon lista seg ut på det folketomme skipsdekket.

Den kalde vinden gjorde at nasen nesten fraus til is. Sjølv om det var midt på sommaren.

 

Pappa hadde sagt at det skulle vere skyfri himmel i natt, og då ville Leon få med seg denne midnattsola som alle snakka om. Sjølv om det var strengt forbode for han å gå ut åleine.

Skipsdekket var kaldt og glatt, men heldigvis var havet roleg. Det var berre sjø så langt Leon kunne sjå.

 

Han kikka opp mot styrehuset, der oppe stod sikkert mamma. Det var hennar tur til å halde vakt. Skipet kunne nesten styre seg sjølv. Likevel var det alltid nokon på vakt. Skipet heitte «Petrolei Superfusio», men alle kalla det berre for «Ole».

 

Leon måtte vere på skipet heile sommarferien, og akkurat det hadde han ikkje noko i mot. Han likte seg på sjøen, og kunne godt tenkje seg å arbeide på eit skip når han blei stor.

 

Det var åtte andre vaksne på skipet, men ingen andre barn. To jobba i maskinrommet, og så var det sjølvsagt kaptein Lund. Ho var i tillegg lege, og hadde gitt hostesaft til Leon for nokre dagar sidan. Den smaka drit.

 

Alle dei andre om bord jobba med å leite etter olje. Dei brukte ein maskin som var under skipet til å sende signal ned til havbotnen, og når signalet kom opp igjen kunne dei finne ut om det var olje der.

Pappa sat nesten alltid og lytta etter signal frå havbotnen.

– Utan olje stopper verda, sa mamma ofte.

– Viss ikkje vi borar etter olja, så vil nokon andre gjere det, pleidde pappa å seie rett etterpå.

Leon visste ikkje om dette var sant, men han trudde på foreldra sine.

 

Han gjekk nokre forsiktige skritt ut mot rekkverket, og plutseleg skein sola gjennom skyene, for første gong på heile toktet. Han kikka på ho, men vart litt skuffa. Ho var heilt lik den vanlege sola.

Han byrja gå mot døra. Klokka var over midnatt.

 

Leon merka ikkje at noko nærma seg ute på havet. Noko mørkt og stort kom lydlaust mot han. Noko som var mykje større enn «Ole».

Det var eit digert isfjell som kom mot dei. Men ikkje eit vanleg isfjell. Dette isfjellet låg ikkje i ro, det kom fossande mot skipet som ein racerbåt.

Det kom til å krasje inn i skroget om mindre enn eit halvt minutt.

 

Då Leon tok i dørhandtaket, høyrde han sjøen som fresa og bobla.

Han snudde seg og såg det gigantiske isfjellet som ruva over «Ole». Isfjellet følgde skipet, i akkurat same farten.

Leon kikka opp på styrehuset, og der hadde mannskapet byrja å kave. Skyene var svarte og i opprør, og sola hadde gøymt seg igjen.

 

– Sving mot styrbord! ropte pappa, og mamma svinga slik at skipet la seg over på sida.

Leon byrja skli over det glatte dekket, han måtte tvihalde seg i rekkverket for å ikkje tippe over og ramle i sjøen.

Det var berre nokre få meter mellom skipet og isfjellet, og sjølv om mamma svinga hardt, kom dei seg ikkje vekk.

 

Leon fekk balansen tilbake, og snudde seg mot foreldra. Pappa oppdaga han.

– Leon! Kva gjer du der nede? ropte han.

– Kom deg inn!

«Eg prøver!» tenkte Leon, men dekket var framleis glatt og vått.

 

Plutseleg høyrde han eit kraftig dunk, og han ramla over ende. Buksebaken blei klissvåt med det same.

Dunket han hadde høyrt, var isfjellet som small inn i skroget.

Leon kom seg opp på beina igjen, og såg store isklumpar som låg utover dekket. Midt i isfjellet var det ei stor hole, som om ei svær dør hadde opna seg.

Leon gjekk nokre små skritt bakover, men syntest samstundes at det var spennande.

Var det nokon inni hola? Ja, det var nokon der.

Ein stor skugge kom sakte til syne. Ein menneskeliknande skikkelse, berre mykje større.

 

– Ligg unna, Leon! ropte pappa og sprang inn i styrehuset.

Leon kjende noko som kom snikande inn under eine armen hans. Ein blekksprutarm sklei over brystkassa og inn under den andre armen òg. Blekksprutarmen stramma til, og løfta Leon rett opp.

 

– Slepp han! ropte pappa då han kom springande ut dekksdøra.

Han prøvde å gripe tak i Leon. Men plutseleg var Leon fleire meter over dekk.

Mamma og kaptein Lund kom også ut på dekk. Begge heilt skrekkslagne i andletet. Tenk om skapningen slapp han rett ned i dekket!

Leon blei løfta bort til skapningen, som framleis berre var ein skugge. Andletet var skjult i mørket.

– Hald pusten, kviskra ei hes røyst.

 

Leon rakk nesten ikkje å tenkja på kva skapningen hadde sagt, før heile isfjellet byrja søkke.

Vatnet bobla og fossa rundt dei medan isfjellet sokk ned i havet.

Då vatnet nådde Leon, drog han inn pusten og kjente ti tusen iskalde knivar som stakk han. Vatnet rann inn i øyrene, heile hovudet blei iskaldt.

Han såg oppover. Der skimta han lysa frå skipsdekket. Dei blei svakare og svakare.

Alt blei svart rundt Leon, og han klarte ikkje å halde pusten lenger.

 

Les andre kapittel her.

Les meir om Tor Arve Røssland her.

Se tegninger her.