Lettlest

Kong Eseløyre

Lagt inn av Troels

Det var ein gong ein konge med ein stor løyndom … Psst! kongen har ein løyndom. Eg skal kviskre den til deg: Han har eseløyre. Og han skjuler dei under krona si. Kong Eseløyre er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande […]

Les mer og kommenter

Prompebroren

Lagt inn av Troels

Har du nokon gong sagt noko som ikkje var heeeeilt sant? Det har Bea. Bea er ny på skulen. Ein dag fortel ho dei nye klassekameratane om broren sin. Prompebroren. Alle vil høyre meir. Så Bea fortel ei forteljing til, og så ei til, og så endå ei forteljing om broren som prompar heilt utan […]

Les mer og kommenter

Sola og vinden

Lagt inn av Troels | 1 i leselisten

«Eg er sterk!» seier sola. «Eg er sterkare!» seier vinden – men korleis kan dei bevise det? Denne livlege gjenforteljinga av ein av dei klassiske fablane til Æsop har lettlesen tekst. Etter at barna har lese forteljinga, kan dei prøve seg på nokre morosame oppgåver. Sola og vinden er ein del av Samlagets Leseland for […]

Les mer og kommenter

Dei hemmelege superheltane

Lagt inn av Troels | 1 i leselisten

Superheltar finst berre i teikneseriar. Eller? Willi, Mikke og Jonny har ein hemmeleg klubb: Dei er « Dei beste», og dei les helst superheltteikneseriar. Men ein dag kjem dei tre vennene på sporet av ei superstor hemmelegheit, og med eitt står superheltane framfor dei i levande live. Dei hemmelege superheltane er ein del av Samlagets […]

Les mer og kommenter

Dagen utanfor

Lagt inn av Troels

Dagen utanfor av Stina Langlo Ørdal er ei poetisk forteljing om ein gut som har mista farfaren sin, om ei daud humle som gir trøyst, og om uvanleg grå dagar i livet. Boka handlar om å takle sorg, finne trøyst og vera der for kvarandre. Ho handlar òg om å forstå noko så ukonkret som […]

Les mer og kommenter

Oldemor

Lagt inn av Troels

Lukas besøker oldemor på sykehjemmet. Det er 90 år mellom dem, og Lukas er så nysgjerrig på livet hun har levd. Samtalene deres handler om alt oldemor har sanset, sett og lekt. Med Anna Fiskes karakteristiske illustrasjoner blir boken en morsom, burlesk og litt melankolsk reise gjennom et langt liv. Boken passer godt som utgangspunkt […]

Les mer og kommenter

Plommeproblem

Lagt inn av Troels | 1 i leselisten

Bo, Besten og Besta skal på fest. Dei skal kle seg ut. Besta treng plommer til kostymet sitt, men i treet er det også mykje veps. Heldigvis får Bo ein idé! Leseland. Nivå 1.

Les mer og kommenter

Visste du at…? Katt

Lagt inn av Troels | 1 i leselisten

Visste du at katten bruker halen til å halde balansen? Eller visste du at kattar søv det meste av livet sitt? Og at dei drøymer når dei søv? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om det vanlegaste kjæledyret i Noreg, nemleg katten. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka […]

Les mer og kommenter

Visste du at…? Hund

Lagt inn av Troels | 1 i leselisten

Visste du at hundar sveittar frå nasen? Eller visste du at ein hund er like smart som eit barn på to år? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om hunden, mennesket sin beste venn. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er av Anna Fiske. Leseland. FAKTA. Nivå 1.

Les mer og kommenter

Visste du at…? Hest

Lagt inn av Troels | 2 i leselisten

Visste du at hesten kan sove ståande? Eller visste du at hesten kan tisse nesten 10 liter i løpet av ein dag? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om hesten. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er illustrert av Anna Fiske. Leseland. FAKTA. Nivå 1.

Les mer og kommenter