Nynorsk

Jakob og Neikob. Naboen

Lagt inn av Vibeke | 8 i leselisten

Ein dag ser Jakob og Neikob at dei har fått ein nabo. Jakob blir glad, medan Neikob blir svært skeptisk og byggjer eit høgt gjerde. Jakob byggjer ei bru, men så har vel også Jakob høyrt at ein ikkje skal snakke med framande? Då naboen plutseleg trekkjer gardina for, meiner Neikob at beviset er klart: […]

Les mer og kommenter

Kattejenta

Lagt inn av Troels | 1 i leselisten

Det er siste skuledag før juleferien. Kva skal du gjere i jula? spør Kristin. Vere med August, svarar eg. Kan eg vere med deg i dag? spør ho. Eg svarar ikkje. Eg har ikkje lyst til å vere med Kristin idag. Eg har andre planar. Kattejenta er ei høgtlesingsbok om vener, katter og det å […]

Les mer og kommenter

Teo tar sjansen

Lagt inn av Lene

Den nye klinkekulebana på SFO er det kjekkaste på heile SFO synest Teo. Det synest dei store tredjeklassingane òg. Tenk om Teo kunne hatt bana for seg sjølv, på ein hemmeleg stad berre han veit om.

Les mer og kommenter

Teo tøffar seg

Lagt inn av Lene | 2 i leselisten

Det er ein varm 17. mai. Mora har sydd bunad til Teo, og ho er stolt av kor fin han er i vesten og lua. Teo er tørst heile tida. Han orkar ikkje hoppe sekkeløp. Men tørr han seie frå til mora? Tørr han ta av seg bunaden?

Les mer og kommenter

Bjørkebokstavar

Lagt inn av Lene | 1 i leselisten

Bjørkebokstavar handlar om kor fint det kan vere å ha si eiga bjørk, men også om eit veldig, veldig høgt ønske om å få ein hund. Gjennom blikket til eit barn skildrar Hilde Myklebust undring, glede og einsemd gjennom skiftande årstider på landet.

Les mer og kommenter

På farlig oppdrag

Lagt inn av Lene | 1 i leselisten

Ei ny lettlesen og spennande bok om politihunden Falk og politidama hans, Hanne. Denne gongen må dei ut på leiting etter 11-åringen Mathias. Han er forsvunnen i løpet av natta, og Falk og Hanne må leite etter spor i snøkavet. Kan Mathias vere kidnappa? Dette oppdraget kan bli farleg! Dette er den tredje boka i […]

Les mer og kommenter

Tenk at det var Teo

Lagt inn av Lene

Det er vanskeleg å vite kva ein er flink til, synest Teo. Han veit at han er god til å brette mjølkekartongar, men kva med fotball? Eller rekne med minus? Må ein vere betre enn dei andre for å vere god? Teo vil at dei andre skal sjå at han også er flink til noko.

Les mer og kommenter